Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Byggesak

Byggesak

Det er regulerings-/ bebyggelsesplan som fastset rammer for kva tiltak som kan gjennomførast i ulike områder. Utanfor planområda er det kommuneplanen som gjeld.

Digitalt planarkiv

Kommunen er i ferd med å bygge opp eit digitalt planarkiv. Her vil ein få opp planbestemmelsar ved å gå inn på Kommunekart, søkje opp eigedomen og bruke "i"-knappen eller gå direkte til Planarkivet.

Tenestetorget kan hjelpe til med kart, naboliste, skjema og rettleiing. Telefon 31 40 88 00.
Epost: postmottak@hemsedal.kommune.no  

Forenkling av plan og bygninglova etter 1. juli 2015

Frå 1. juli 2015 kan ein bygge ei rekkje tiltak utan å søke.Den som skal bygge har sjølv ansvar for å sjekke at tiltaket ikkje kjem i strid med plan- og bygningsloven, gjeldande reguleringsplanar for området, eller anna regelverk.

Må du søke? Direktoratet for byggkvalitet

Eit eks er frittliggjande bygning inntil 50 m2 på bebygd eigedom med avstand minimum 1 m frå nabogrense kan settjast i gang utan søknad, men følgjande vilkår må vere på plass;

  • Må vere i tråd med gjeldande reguleringsplan
  • Maks mønehøgde 4,0 m og gesimshøgde 3,0 meter målt frå ferdig planert terrengs-  gjennomsnittsnivå rundt bygning
  • Bygningen kan maks vere ein etasje og kan ikkje underbyggast med kjeller
  • Bygningen kan ikkje innehalde rom for opphald slik som kjøkken, stue, soverom eller våtrom eller nyttast til overnatting
  • Veglova samt reguleringsplaner har føresegner om t.d. avkøyring, frisiktsoner og avstand til vegmidte, som må følgjast. Tiltaket kan ikkje førast opp i byggeforbodssona, eller plasserast over vann- og avløpsledninger
  • Tiltakshaver skal informere kommunen om bygningen sin plassering når den er ferdigstilt, slik at plasseringa kan førast inn i kommunens matrikkel 

Byggetiltak kan delast inn i tre kategoriar:

1. Pbl. §20-5-8 Byggetiltak som er unntatt søknad:

Enkelte mindre tiltak kan gjennomførast utan kommunal saksbehandling om det ikkje fører til fare eller urimeleg ulempe for omgivelsane eller allmenne interesser.

NB: Slike tiltak må uansett forhalde seg til planbestemmelsane for området. Om det i plan t.d. er sett vilkår om maksimalt 1 bygg på eigedomen så gjeld ikkje unntaket om saksbehandling for uthus.

2. Pbl.§20-4 Byggetiltak som krev søknad utan ansvarsrett (tidl. melding):

Søknad utan ansvarsrett er ein forenkla søknad der tiltakshavar (byggherre) sjølv står ansvarleg for at tiltaket oppfyller alle krav som er gitt med heimel i plan- og bygningslova. Dei vanlegaste tiltaka er uthus/garasje, tilbygg og driftsbygningar i landbruket.

3. Pbl. §20-3 Byggetiltak som krev søknad:

Dei tiltaka som ikkje er nemnde i pkt. 1 og 2. skal behandlast som søknad - normalt via eit godkjent føretak (ansvarleg søkjar). For føretak som ikkje har sentral godkjenning må det søkjast om lokal godkjenning. Søknad skal ikkje sendast kommunen før nabofrist er ute og ev. merknader kommentert.

Dispensasjon:

Dispensasjon

Om tiltaket er i strid med planbestemmelsane for området eller krav i tekniske forskrifter må det søkjast om dispensasjon.

Dispensasjonssøknader krev normalt politisk handsaming i Hovudutval for Plan og Ressurs. Hovudutvalet har som regel eit møte i kvar månad (ikkje juli). Administrasjonen lagar ei saksutgreiing og innstilling til Hovudutvalet for Plan og Ressurs som gjer vedtak. I saker som vedkjem overordna mynde skal saka sendast på høyring før handsaming.

Krav til søknad om dispensasjon:

•Søknad om dispensasjon i brevsform. Saka bør grunngjevast godt.

•Nabovarsling. Det er krav om nabovarsling av dispensasjonar

•Teikningar av tiltaket.

 Møteplan og saker i Hovudutvalet for Plan og Ressurs

Det er ikkje krav til saksbehandlingstid for dispensasjonar.

Gebyr for dispensasjonar følgjer gjeldande gebyrregulativ for tekniske tjenester i Hemsedal kommune.

 

Tidsfristar:

•Søknader utan ansvarsrett og enkle tiltak skal behandlast innan 3 veker.

•Andre søknader skal handsamast innan 12 veker.

•Fristen gjeld frå melding/søknad er komplett og frist for nabomerknader er ute.

 

Tips for rask og smidig byggesakshandsaming:

1.Sørg for at søknaden er komplett og godt dokumentert (gjerne foto)

2.Respekter vedtatte planar - dispensasjonar har lågast prioritet

3.Avklar om mogleg alle konflikter med naboar på førehand

4. Gå gjennom punktene under, gjeldande vatn/avløp - avkøyrsle - bygningavfall - radon

Vatn/avløp - avkøyrsle - byggningsavfall - radon

Vatn/avløp

Før det vert gjeve byggeløyve, må vatn og avløp vera avklart

•Før det blir lagt inn vatn skal det vere gitt utsleppsløyve, alternativt  sanitærabonnement der det offentleg vatn- og avløpsnett.
•Alle nye heilårs- og fritidsbustader tilkopla off. nett skal ha vassmålar. Søknad blir utarbeidd av røyrleggjar el. andre godkjende føretak.

Avkøyrsle

•Ved nybygg og endra bruk skal det vere gitt løyve til avkøyring ev. utvida bruk av avkøyrsle.
•Det er kommunen ved Teknisk Drift som gjev dette til kommunale vegar og Statens vegvesen til fylkes- og riksvegar.
•Ved bruk av felles privat veg skal det leggjast ved avtale om bruk

Bygningsavfall

•Tiltakshavar er ansvarleg for at handtering av produksjons- og riveavfall blir planlagt og levert til godkjent mottak for bygningsavfall.
•Ved riving av bygg kan det i enkelte høve vere eit alternativ at brannvesenet brukar det som øvingsobjekt.
•Kontakt Hallingdal brann- og redningsteneste.

Radon

•Bygning skal prosjekterast og utførast med radonførebyggande tiltak slik at innstrømming av radon frå grunnen blir begrensa.

•Bygning for varig opphald skal ha radonsperre mot grunnen.

TEK 10 §13-5 Radon

Byggsøk

Hemsedal kommune tilbyr no mottak av elektroniske byggesøknader og byggemeldingar via ByggSøk-bygning. 

ByggSøk-bygning er gratis å bruke og hjelper deg til å få betre kvalitet på søknaden. ByggSøk-bygning gjev beskjed dersom søknaden manglar vesentlege opplysningar.

Hemsedal kommune kan førebels ikkje motta elektronisk teikningar som har større format enn A3. Desse må sendast i posten.

Les meir om elektronisk søknad

Skjema for byggesak

Skjema for bruk i byggesaker kan du finne på heimesida til Direktoratet for byggkvalitet: Byggesaksblankettar / Skjema

Informasjon om lovverk og vegleiarar finn du på Direktoratet for byggkvalitet sine heimesider.

Utrekning av areal

Bebygd areal (BYA): Areal ut til utside grunnmur + eventuelt overbygd areal

Bruksareal (BRA): Alt areal innanfor ytterveggar i alle målbare plan + utvendig overbygd areal

Les meir i departementet sin vegleiar "Grad av utnytting"

NB: Nedforing av himling som kun har til hensikt å redusere målbart areal blir ikkje godkjent.

Krav til teikningar

Krav til teikningsgrunnlag:
•Målsette plan- og snitteikningar + fasadeteikningar i målestokk 1:100. Både eksisterande og nytt terreng skal framgå.
•Der tomta ikkje er tilnærma flat er det krav om at terrengprofilar er kontrollmålt i terrenget.
•Dårleg grunnlag medfører auka gebyr og lenger saksbehandlingstid.
•Grunnlag for situasjonsplan finn du på kommunekart.com
•Plassering av tiltak må målsettast på situasjonsplan
•Legg gjerne ved foto som viser eksisterande situasjon

Søknad skal innehalde:

Pbl. §20-3 Søknad om løyve til tiltak med ansvarsrett

•Skjema 5174 "Søknad om tillatelse til tiltak" og 5175 "Opplysningar om tiltakets ytre rammer og bygningsspesifikasjon for tiltaket".

•Hugs bruksareal (BRA) og bebygd areal (BYA) for både eksisterande og nytt, grad av utnytting og rubrikkane for avstandar.

•Situasjonsskisse som viser plassering på tomta,

•mål på tiltaket, avstand til andre bygningar, til nabogrenser og tilgrensende vegar ev. vassdrag.

•Situasjonskart kan skrivast ut frå Hallingkart (lenke til høgre).

•Skjema 5154 Nabovarsel skal sendast rekommandert, alternativt underskrift på kopi av nabovarsel. Ved utsending skal det vedleggjast situasjonsplan og teikningar.

•Skjema 5155 "Opplysningar gitt i nabovarsel" og 5156"Kvittering for nabovarsl" skal vedleggast søknaden ved innsending til kommunen.

•14-dagars fristen skal vere ute og ev. merknader skal leggast ved og kommenterast.

•Plan, snitt og fasadar i målestokk 1:100.

•Både eksisterande og ny situasjon skal visast. Planen skal vere målsett.

•Snitt skal ha vertikale mål frå ferdig planert terreng opp til gesims (skjeringspunkt utvendig tak og yttervegg) og møne.

•Eksisterande terreng skal stiplast medan ferdig planert terreng skal markerast med heiltrekt linje (NB: må kontrollmålast i terrenget om ikkje tomta er tilnærma flat).

•Skjema 5181 "Erklæring om ansvarsrett og 5185 Gjennomføringsplan" der alle fagområder er dekka.

•Skjema 5176 "Bustadspesifikasjon i Matrikkelen"

Søknad skal sendast inn av føretak som kan godkjennast som ansvarleg søkjar. Heile søknadsprosessen bør overlatast til professjonelle aktørar.

Pbl. §20-4 Søknad utan krav til ansvarsrett (tidl. melding):

•Skjema 5153 "Søknad om tiltak uten ansvarsrett".

•Hugs bruksareal (BRA) og bebygd areal (BYA) for både eksisterande og nytt, grad av utnytting og rubrikkane for avstandar.

Situasjonsskisse som viser
•plassering på tomta.

•mål på tiltaket.

•avstand til andre bygningar,til nabogrenser og tilgrensende vegar ev. vassdrag.

•Situasjonskart kan skrivast ut frå Hallingkart (lenke til høgre).

•Skjema 5154 Nabovarsel

•skal sendast rekommandert, alternativt underskrift på kopi av nabovarsel.

•Ved utsending skal det vedleggjast situasjonsplan og  teikningar.

•Skjema 5155 "Opplysningar gitt i nabovarsel" og 5156"Kvittering for nabovarsl" skal vedleggast søknaden ved innsending til kommunen.

•14-dagars fristen skal vere ute og ev. merknader skal leggast ved og kommenterast.

•Plan, snitt og fasadar i målestokk 1:100.

•Både eksisterande og ny situasjon skal visast.

•Planen skal vere målsett.

•Snitt skal ha vertikale mål frå ferdig planert terreng opp til gesims (skjeringspunkt utvendig tak og yttervegg) og møne.

•Eksisterande terreng skal stiplast medan ferdig planert terreng skal markerast med heiltrekt linje (NB: må kontrollmålast i terrenget om ikkje tomta er tilnærma flat).

Radon

TEK 10 § 13-5. Radon

(1)  Bygning skal prosjekteres og utføres med radonforebyggende tiltak slik at innstrømming av radon fra grunn begrenses. Radonkonsentrasjon i inneluft skal ikke overstige 200 Bq/m

(2)  Følgende skal minst være oppfylt:

a)  Bygning beregnet for varig opphold skal ha radonsperre mot grunnen.

b)  Bygning beregnet for varig opphold skal tilrettelegges for egnet tiltak i byggegrunn som kan aktiveres når radonkonsentrasjon i inneluft overstiger 100 Bq/m3

(3) Annet ledd gjelder ikke dersom det kan dokumenteres at dette er unødvendig for å tilfredsstille kravet i første ledd.