Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Bustønad

Bustønad er ei behovsprøvd statleg støtteordning for deg som har låg inntekt og høge bukostnader. Husbanken

Husbanken og NAV samarbeider om bustøtteordninga. Husbanken fattar vedtaka, men det er NAV som behandlar søknadene og har all kontakt med deg som søkjar.

Vilkår for bustøtte

Alle over 18 år kan søkje bustøtte bortsett frå studentar og personar i førstegongsteneste. Du kan likevel søkje dersom du

•er student med barn

•er student utan barn og studiet er ein ledd i eit offentleg arbeidsretta tiltak

•er under 18 år og har eigne barn

Du må bu i bustaden du søkjer bustøtte for. Alle som bur i bustaden, må også vere registrerte i folkeregisteret.

Bustaden din må vere godkjend for heilårsbruk. Samstundes må bustaden ha eigen inngang, eige bad/toalett, og det må vere mogleg å kvile og lage mat der. Bur du i bufellesskap og har fått tilvist bustaden av kommunen, kan du likevel søkje bustøtte.

Grenser for inntekt

Det er sett øvre grenser for kor høgt inntektsgrunnlag du kan ha for å kunne få bustøtte. Inntektsgrenser - Husbanken


Korleis søkje bustøtte?

Du kan søkje bustøtte elektronisk eller på papir. Søknadsfristen for bustøtte er den 14. kvar månad. Utbetalinga kjem omkring den 10. i månaden etter.

Søk bustøtte

 

Du må melde frå om endringar

Dersom du får samtykke om bustøtte, treng du ikkje søkje kvar månad. Men du må melde frå skriftleg til kommunen

•dersom det skjer vesentlege endringar i inntekt og formue (då må du sende inn eige skjema)

•dersom du/de flyttar til ein ny bustad (då må du også søkje på nytt)

•dersom ein eller fleire personar flyttar inn eller ut av bustaden

•dersom bukostnadene endrar seg

•dersom ein i huslyden blir student

Melde frå om endringar

 

Klage på vedtak om bustøtte

Dersom du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klage innan 3 veker frå du fekk melding om vedtaket. I nokre høve må du fylle ut eit eige klageskjema. Klagen skal du sende til kommunen.

Klage på vedtak om bustøtte

Ønskjer du å søkje bustøtte for komande månader, må du sende inn ny søknad til NAV.

 

Meir informasjon Du finn meir informasjon om bustøtte på Husbankens bustøttesider

Lovar og reglar

Lov om bustønad

Forskrift om bustøtte