Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Buplikt på bustadeigedom

Hemsedal har skjerpa buplikt. Statens landbruksforvaltning har fastsett nye forskrifter om nedsett konsesjonsgrense (nullgrense) for Hemsedal Kommune.

Slektskapsunntaket i konsesjonslova er no sett ut av kraft. Det betyr at den som overtar ein bustadeigedom frå nær slekt må søkje konsesjon dersom eigedomen ikkje skal brukas som heilårsbustad.

Vesentlege endringar i lova frå 2009

•Opna for at kommunane kan søkje om å setje konsesjonsfridomen ut av kraft for ubygd tomt og for nære slektningar.

•Buplikta i områder med nedsett konsesjonsgrense er upersonleg.

•Upersonleg konsesjonsgrense kan oppfyllast anten ved at eigaren bur på eigedomen sjølv eller leiger ut til andre fastbuande.

Konsekvensar for Hemsedal

I Hemsedal kommune er konsesjonsfridomen sett ut av kraft for tre typar eigedomar.

•Eigedomar som er eller har vore i bruk som heilårsbustader.

•Eigedom med bygningar som ikkje er tatt i bruk som heilårsbustad i regulerte bustadområde (bygg under oppføring)

•Ubygde tomter i regulerte bustadområde.

Dei nye reglane gjeld og for nære slektningar.

Om du eller andre skal bruke eigedomen som heilårsbustad, skal du bruke eigenerklaring_SLF-356. Dette skjema skal og brukast om eigedomen ikkje er konsesjonspliktig etter forskrifta.

Om du søkjer konsesjon for å sleppe buplikt, vil kommunen vurdere om det er grunnlag for å bruke eigedomen som fritidsbustad.

Forskrift om nedsett konsesjonsgrense