Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Bandtvang for hund

Ekstraordinær bandtvang frå og med 24.01.2018 og gjelder inntil vidare, men ikkje lenger enn til 1. april kor ordinær bandtvang intrer. På grunn av ekstraordinære forhold for viltet, med lokalt store snømengder, innføres ekstraordinær bandtvang for hundar i Hemsedal kommune. Dette innebærer at hundar skal haldas i band eller forsvarleg innestengt eller inngjerda, slik at dei ikkje kan jaga eller skade hjortevilt.

 Melding om vedtak innføring av ekstraordinær båndtvang i Hemsedal kommune 2018 1000moh og oppdatert henvisning til delegasjonsreglement.pdf

 

Hemsedal har bandtvang for hund i tida f.o.m 1. april t.om. 31. oktober av omsyn til beitande husdyr (ordinær bandtvang for hund er i tida f.o.m 1. april t.o.m 20. august).

Det er bandtvang heile året i tettstader, område med bustad, område regulert til offentleg formål, på kyrkjegardar og tilrettelagte friluftsområde.

Vinter:

Hemsedal kommune har bandtvang i dalløypene heile skisesongen. Dalløypene er definert som skiløype frå Gravset til Feten, Torsetrunden, Solløypa, Knuteløypa og Liorunden.

Hemsedal kommune har også bandtvang i skianlegget i Totteskogen og 750 m, 1,2,3,5 og 8 km løypene på Gravset heile skisesongen.

Hemsedal kommune har også bandtvang i alle maskinpreparerte skiløyper i jul, vinterferie og påske. Bandtvang vert då gjeldande i tidsrommet f.o.m. 24. desember t.o.m. 2. januar, i vinterferieveker f.o.m. 20. februar t.o.m. 10. mars og laurdag før palmesundag t.o.m. 2. påskedag. Dersom hund er med skal hunden ikkje vera til hinder for andre brukarar.

Meir informasjon om bandtvang og hundehald finn du i lokal forskrift.

Kommunen kan i tillegg gje forskrift om ekstraordinær bandtvang for å beskytte viltet.

Meir informasjon finn du i hundelova.

Hund i band