Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Renovasjon/Avfallshandtering

Hallingdal Renovasjon

Heimeside Hallingdal Renovasjon

Hallingdal renovasjon har ansvaret for avfallshandteringa i Hemsedal kommune. Dei fleste husstandane i Hemsedal har sekkerenovasjon.

Sekkestativ

•skal vere plassert på plant underlag

•skal vere lett tilgjengelig inntil 20 meter frå køyreruta.

Det er henting kvar fredag.

Sorteringsboksar for sortering av papir og metall/glas

•skal vere plassert i sorteringsskåpet

Avfallsinfo for Hemsedal

Husstandar utanfor bustadområde og fritidsbustader

•skal levere avfall i container plassert i nærområdet. 

Avtallsplan for Hallingdal

Opningstider Langeset

Opningstider avfallsmottaket på Langeset

•Kl. 12.00 - 19.00 - Tysdagar

•Kl. 12.00 - 19.00 - Torsdagar i perioden 2. april- 29. oktober

•Kl. 10.00 - 14.00 - Laurdagar

 

Prisar for levering av avfall

For deg som er privatperson og betaler renovasjonsgebyr til ein av våre eigarkommuner er prisen for levering av avfall lagt inn i renovasjonsgebyret. Dette forutset at avfallet blir levert med personbil med eller utan tilhenger, og at avfallet sorteras ved levering. Er det næringsavfall bes du ta kontakt for prisar.

Retningsliner for fritak for gebyrplikt i samband med renovasjonsgebyr 

Heimel om fritak ligg i §4 andre ledd i forskrifta jf. forurensningslova § 30.

•Søknad om dispensasjon skal vere skriftleg dokumentert.

•Kommunen kan kreve fotodokumentasjon der den finn det teneleg.

•Dispensasjon kan berre bli gjeve for særskilte eiendomar.

Vedtak fattet etter desse bestemmelsane er å sjå på som enkeltvedtak og kan påklages ihht. klagereglane i forvaltningslova.

Felles retningsliner for fritak frå renovasjon i Hallingdal og Krødsherad vart vedteke i Hovudutval for Plan og Ressurs 29.08.2013 - Sak 53/13

Felles retningsliner

Forskrift for avfallsbehandling

Skjema for klage/fritak

For meir informasjon om Renovasjon/avfallshåndtering, sjå vår side om Kommunale avgifter