Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Adressering/vegnamn i Hemsedal

Hemsedal kommune er godt i gang med adressering av alle bustad-, fritids-, nærings og offentlege bygg.Dei fleste busett utanom bustadfelt har til no hatt matrikkeladresse: adresse basert på gards- og bruksnummer.Eintydige vegadresser for alle adresserverdige bygg er særskilt viktig for nødetatane (Ambulanse, Politi, Brann og redningsetat), Posten, Taxi og dei som driv med varelevering.

Målet er at alle som i dag har matrikkeladresse har fått tildelt vegadresser innan 31.12.2014.

Lokal adresseforskrift finn du her

Her finn du meir informasjon om adressering

Vedtatte vegnavn i Hemsedal

Namnesak - Brendeberget og Vetreviki

Kartverket har etter § 5 i Lov om stadnamn oppretta namnesak på to namn knytt til adressering i Hemsedal.

Dette gjeld namnet Brendeberget og Vettreviki, begge namna ligg ved Helsingvatnet.

Kartverket har no gjort vedtak 2014/10 på stadnamna, og dei skal skrivast slik:

Brendeberget

Vetreviki

Reglane i stadnamnlova gjer at vi etter dette vedtaket pliktar og nytte vedteken skrivemåte.

Vedtaket kan påklagast av offentleg organ, grunneigarar og festarar når det gjeld gards og bruksnamn, og lokal organisasjon med serleg tilknytning til stadnamnet.

Klagefrist: 6. juli.

Klagen skal sendast til Kartverket i Oslo med kopi til Hemsedal kommune. Klagen skal grunngjevast.

Kartverket har etter § 5 i Lov om stadnamn oppretta namnesak på 12 namna knytt til adressering i Hemsedal og ber kommunen legge namna ut på høyring. Frist 1. august.

Her finn du høyringsdokumentet

Her finn du namneliste til høyringsdokumentet