Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Skulefritidsordninga SFO

Kommunen har tilbod om skulefritidsordning før og etter skuletid for 1.-4. klasse, og for barn med særskilte behov på 1.-7. årstrinn.

Skulefritidsordninga legg til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hjå barna.

Skulefritidsordninga gir barna omsorg og tilsyn.

Søke SFO 

Fristen for å søkje SFO-plass i samband med hovudopptaket for 2017 / 2018 er 1. mars 2017.
Me ber om at søknader som gjeld frå august 2017, ikkje vert registrert før 10. februar.

Alle som ynskjer SFO-plass neste år, må gjere dette ved å nytte elektronisk søknad.  Du må søkje på nytt for kvart år.

Elektronisk søknad

Tips ved bruk av elektronisk søknad

  • det er lurt å registrere seg som brukar
  • du får tilbakemelding/bekrefting på at søknaden er mottatt
  • du kan ta kopi av søknaden din, data du har lagt inn ligg der slik at du slepp å  registrere alt på nytt neste gong du skal søke plass.

Dersom du ikkje har tilgang til internett, eller dersom du ynskjer hjelp til å fylle ut den elektroniske søknaden, kan du ta kontakt med Tenestetorget, tlf. 31 40 88 00.

I samband med den elektroniske søknaden vil du finne informasjon om opptaket og SFO-tilbodet i din kommune.

Søknad/endring/oppseiing

Søknad / endring
  • Alle må søke om plass i SFO ved hovedopptaket som føregår i mars. Dette gjeld sjølv om du har plass i inneverande år.
  • Ellers i året blir barn tatt inn når det er ledig plass.
  • Opptak i løpet av året skjer etter venteliste der barn med særlege vanskar vert teken inn føre andre søkjarar når det ligg ei fagleg vurdering frå sakkunnig til grunn.
  • Endring av plass i SFO skal gjelde frå 1. eller 15. i månaden.
  • Barnet beheld SFO-plassen til han blir sagt opp.
  • Plassar utanom hovudopptaket vert tildelt etter venteliste ved ledig kapasitet.
  • Dersom du søkjer SFO-plass utanom hovudopptaket og frå eit anna tidspunkt enn 15. august (t.d 1.januar) er det aktuell dato som skal førast opp i datofeltet.
  • Gebyr ved sein henting  165.-

Elektronisk søknadsskjema for søknad / endring av plass i SFO

Oppseiing
  • Dersom oppseiing av den faste plassen eller delar av plassen for komande SFO-år skjer etter 1.juni, vert august månad fakturert i samsvar med tildelinga av plass.
  • Oppseiing av plass i SFO skal gjelde frå 1. eller 15. i månaden.
  • Oppseiing av plassen skal meldast  minimum 1 månad før barnet skal slutte.
  • Oppseiinga skal sendast på elektronisk skjema.
  • Oppseiing kan ikkje skje etter 15.mai, og i tilfelle dette skjer, vil foreldrebetalinga likevel halde fram med fast månadleg beløp ut SFO-året.
  • Kommunen kan og seie opp plassar med same frist dersom betalingsfristen vert overskriden med meir enn 2 månader.

Elektronisk skjema for oppseiing av SFO-plass

Prioritet til opptak

Alle som søkjer innan fristen 1.mars, får plass.

Inntak i løpet av skuleåret kan skje etter nærare vurdering og dersom det ikkje fører til behov for auka bemanning. Dersom det er fleire søkjarar enn det er plass til, vert inntaket gjort etter fylgjande vilkår:

1.Barn med særlege vanskar kan takast inn føre andre søkjarar når det ligg ei fagleg vurdering til grunn for vurderinga av situasjonen og tilråding om inntak.

2.Barn av einslege foreldre i arbeid eller under utdanning, og som åleine fører tilsyn med barnet/barna.

3.Barn som har begge foreldre/føresette i arbeid eller under utdanning.

4.6-åringar kjem føre eldre barn.

Dersom det er plass, kan skulefritidsordninga ta mot barn for kortare periodar der det er særlege grunnar til det (sjukdom i heimen o.a).

Opningstid

  • SFO følgjer skuleåret og startar 15/8.
  • 6-åringane som skal begynne på 1. årstrinn, startar i SFO sine lokale veke 31, men saman med personalet frå barnehagen.
  • SFO er open dei dagane som går inn i skuleruta. I haustferien, vinterferien, i juni etter skuleslutt og i august før skulestart er det høve til å kjøpe dagar. Påmeldinga er bindande med eigen betaling.
  • SFO ved Tuv og Ulsåk skular samarbeider utanom dei 38 vekene som utgjer skuleåret.
  • SFO er stengt i juli, jule- og påskeferie, andre fridagar i skuleåret jf skuleruta.
  • SFO heldt stengt inntil 6 planleggingsdagar som vert brukt til kompetanseheving hjå personalet. Desse dagane er til vanleg dei same som skulen sine.

Opningstid

Kl. 07.30 til 16.30 kvar dag (måndag til fredag) 

Tilbod gjennom året:

Morgen sfo 07.30-08.30

Ettermiddag SFO skuleslutt- 16.30

 

Leksetid

Kommunen skal ha eit tilbod om leksetid for elevar på 1.-4. årstrinn.
Tilbodet skal vere gratis for elevane. Elevane skal ha rett til å delta på leksetidtilbodet, men det skal vere frivillig om dei ønskjer å delta.

 

Prisar SFO 2017

Vedtekne prisar gjeldande frå 1.1.2017

Full betaling  
1 dag pr veke før og etter skulen   501,-
2 dagar pr veke før og etter skulen 1 001,-
3 dagar pr veke før og etter skulen 1 503,-
4 dagar pr veke før og etter skulen 2 003,-
5 dagar før og etter skulen 2 504,-
Berre morgon    557,-
   
Syskenmoderasjon  
30% på den rimelegaste plassen frå barn nr. 2  
   
Kjøp av dag  
Pris pr dag i feriar utanom skuleruta 264,.-
Pris pr dag for dei som ikkje har ordinær plass 295,-
Pris pr dag før og etter skuletid 132,-
Pris pr dag for dei som ikkje har ordinær plass 147,-
Gebyr ved for sein henting 250,-
Betaling
  • Kommunestyret fastset foreldrebetalinga for SFO ved budsjetthandsaminga kvart år.
  • Rekninga vert sendt ut forskotsvis kvar månad.
  • Det er foreldrebetaling for plass 10 månader i året.
  • Dersom meir enn 2 månader av foreldrebetalinga utestår vert varsel om oppseiing av plassen sendt frå økonomiavdelinga i kommunen.
  • Brukarar som mistar plassen grunna manglande betaling kan tidlegast få attende plass ved neste ordinære opptak.

 

Klage på SFO

Får du avslag på søknaden, kan du klaga til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misfornøyd med og kvifor du meinar vedtaket bør endras. Om du treng rettleiing, kan du henvenda deg til kommunen. Opprettheld kommunen si avgjersle, vert saken sendt vidare til kommunens eigen klagenemnd, som avgjer om klaga skal tas til følge.

 

SFO-vedtekter 

VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNINGA

Kontaktinfo

SFO Tuv skule, tlf. 962 27 793

SFO Ulsåk skule, tlf. 971 50 499