Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Tuv og Ulsåk oppvekstsenter (1-4 trinn)

Tuv og Ulsåk oppvekstsentar har både skule, SFO og barnehage. Det er omlag 60 elevar frå første til fjerde klasse på både Tuv og Ulsåk. Skulane er saman med barnehagane på Tuv og Ulsåk oppvekstsenter. Tuv oppvekstsenter ligg nord i kommunen og Ulsåk oppvekstsenter ligg lengst sør i kommunen. Tuv skule er næraste nabo til Hemsedal statlige mottak og har eiga innføringsklasse.

Skulerute

Organisering av skuledagen

1. jobbeøkt

08.30   - 09.30

 

 

Fysisk   aktivitet

09.30   – 10.00

   

2. jobbeøkt

10.00   – 10.45

 

 

Matpause

10.45   - 11.05                                                                                                                                                                                        

 

 

Friminutt

11.05-   11.35

 

 

3.   jobbeøkt

11.35-   12.50 (ma+to)

 

 
 

11.35-   13.25 (ty+on+fr)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Tysdag: tilbod om leksetid for 3 og 4 trinn på sfo rett etter undervisningstida

Innskriving i grunnskulen 2017-2018

Barn som fyller 6 år i kalenderåret 2017 (født 2011) må skrivast inn til grunnskulen. Det vil bli lagt til rette for elektronisk innskriving. 

Dersom de ikkje har tilang til internett eller vil ha hjelp med utfylling av skjema, kan de ta kontakt med Tenestetorget på kommunehuset.

Innskrivinga skal skje innan 1.desember 2016

Heimen og barnet vil få tilsendt invitasjon til besøk på skulen og foreldremøte, etter at den elektroniske registreringa er motteken.

Registreringsskjema for innskriving i grunnskulen

Dersom ein av familiemedlemmane ikkje har fått tildelt norsk 11-sifra personnr, må manuelt skjema nyttast.

Manuelt skjema

Besøksdag på skulen

Det kjem invitasjon til  besøksdag på skulen i april/ mai/juni  

Foreldremøte på Ulsåk og Tuv skule

Velkommen til informasjonsmøte før skulestart, Ulsåk Skule

 Føresette vert innkalling til informasjonsmøte om skulestarten i mai/ juni. 

Møte med rektor

Elev og føresette vert og innkalla til innskriving hjå rektor i mai/ juni.

 

Skuleutvikling for Tuv og Ulsåk

Felles løft, steg 3:

  • Språk
  • Lesestrategi
  • Begrep

Heile Hallingdal har same satningsområde. Arbeidet strekk seg over tre år frå 2015 - 2017.

Pedagogisk plattform

Vi har ei erfaren og stabil personalgruppe som set læring i fokus. Dette gjer resultat i form av eit godt miljø både når det gjeld det faglege og det sosiale. Vi jobbar aktivt for at eleven skal få ein solid grunnutdanning i eit mobbefritt miljø.

  • Vi vil skape eit godt og trygt miljø for læring. Både fagleg, sosialt og emosjonelt
  • Alle skal lære samarbeid, omsorg og å ta ansvar for seg sjølv og andre
  • Alle må ha respekt for kvarandre og kvart sitt funksjonsnivå

Døme på undervisningsmetoder

  • Fysisk aktivitet
  • Stasjonsundervisning
  • Begrepsundervisning
  • Lydfargemetoden
  • Strukturert ordlæring 

Mjølk og frukt

For deg som skal bestille skulemjølk og frukt/grønt:

Mjølk: Gå inn på skolemelk.no for bestilling av skulemjølk

Frukt/grønt: Betal inn 200,- kr for hausten 250,-  for våren

Tuv skule:  2367.20.46181

Ulsåk skule: 2367.20.45177

Merk innbetalinga  med klasse og namn.

 

 

Elevskyss

Skysstider 2017-2018

Lykkja - Halbjørhus - Ulsåk - Trøimshallen kl. 07.55
Eikre - Ålrust - Mythevegen - Trøimshallen kl. 08.00
Gol - Hjelmen -  Svøo - Ulsåk - Trøimshallen kl. 07.45
Trøimshallen - Skogajordet - Hulbak - Tuv kl. 08.10
Fiskum - Torset - Ulsåk - Trøimshallen kl. 07.45
Trøimshallen - Ulsåk kl. 08.10
Grøndalen - Lio - Tuv - Trøimshallen kl. 07.45

 Sjå også www.brakar.no

Retten til skuleskyss begrunna i opplæringslova

Det er opplæringslova kapittel 7 som regulerer skuleskyssen i grunnskulen.

•§7-1 slår fast at ”Elevar i 2.-10.klasse som bur meir enn fire kilometer frå skulen har rett til gratis skyss.
•For elevar i 1.klasse/førskulen er skyssgrensa to kilometer.
•Elevar som har særleg farleg eller vanskeleg skuleveg har rett til gratis skyss utan omsyn til veglengda”

Særlege forhold utløyser rett til skuleskyss

Det må vera særlege forhold som utløyser skyssrett med bakgrunn i trafikkfarleg skuleveg.

I kommentarane til lova blir dette formulert slik:

”Loven krever at elevene utsettes for en fare som er utenom det vanlige. Den risiko skoleelever til vanlig utsettes for når de ferdes i trafikken er derfor ikke tilstrekkelig.”

Andre grunnar som kan utløyse rett til skuleskyss

•Opplæringslova §7-3 seier vidare at ”Elevar som på grunn av funksjonshemming eller mellombels skade eller sjukdom har behov for skyss, har rett til det uavhengig av avstanden mellom heimen og opplæringsstaden.”
•I slike tilfelle må det leggjast fram legeerklæring som også seier noko om kor lenge eleven har behov for skyss.

Opplæringslova kapittel 13 regulerer blant anna fordelinga av kommunens og fylkeskommunens ansvar for opplæringa. Det er fylkeskommunen, eller den instansen fylkeskommunen delegerer dette til, som har ansvaret for organiseringa av skuleskyssen.

Foreldre som meiner at barnet deira har rett på skuleskyss på grunn av trafikkfarleg skuleveg, må søkje Hemsedal kommune om slik skyss.

Ved øvrige spørsmål om skuleskyss, ta kontakt med den enkelte skule.

Trygg Trafikk sin rettleiar for særleg farleg eller vanskeleg skuleveg

Råd og utval

Råd og utval Tuv Oppvekstsenter avd. skule

Foreldrerådets arbeidsutval (FAU)

Leiar: Rebecca Loos
SFO representant: Mona Syversbråten
Nestleiar:
Skrivar:

Foreldrekontaktar:

1. klasse: Zara Jonsson
2. klasse: Rebecca Loos 
3. klasse: Eli-Ann Evensen 
4. klasse: Maria Jartmann
SFO-representant: Mona Syversbråten

Dei øvrige foreldrekontaktane er styremedlemar.

Alle foreldre som har born i skula, er medlem av skulas foreldreråd. Foreldrerådet vel eit arbeidsutval (FAU) som er foreldrestemma ovafor skula. FAU skal blant anna sikra reell medverking frå foreldre og ha medansvar for at elevenes læringsmiljø er trygt og godt. FAU skal representera alle foreldre ved skula og bidra til at samarbeidet mellom heim og skule er godt.

Valordningar

Det er opp til kvar enkelt skule å organsera val av foreldrekontaktar og representantar til FAU. Som regel skjer dette i forbindelse med eit ordinært foreldremøte. Det er viktig at alle foreldre er godt informert om kva det inneheld å vera tillitsvalt, og at det er ein viss kontinuitet i arbeidsutvalet. Retningsliner for valordninga bør vera skriftlege og inngå i vedtektene for FAU.

FAU er heimla i opplæringslova § 11-4.

Oppgåver for FAU

  • Arbeide for eit godt skulemiljø
  • Ta initiativ til sosiale aktivitetar for elevane
  • Informera og høyre alle foreldre om aktuelle saker
  • Arrangere samlingar for foreldre og lærarar
  • Samarbeide med elevrådet, SU, SMU, KFU, rektor og lærarar
  • Skapa kontakt mellom skula og lokalsamfunnet

 

Samarbeidsutval (SU)

Samarbeidsutvalet (SU) er skula sitt øvste rådgjevande organ og her er alle partar i skula representert; elevar, foreldre, undervisningspersonell, andre tilsette og to representantar frå kommunen, kor rektor skal vera den eine. SU har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skula.

SU kan uttale seg om følgjande:

  • Forslag til budsjett
  • Arbeids- og utviklingsplanar for skula
  • Plan for heim-skule-samarbeid
  • Skulevurdering
  • Planer for ombygging og vedlikehald av skuleanlegga
  • Skulas informasjonsarbeid
  • Prinsipp for val av bøker til skulebiblioteket
  • Fritidsaktivitetar
  • Skuleskyss
  • Trafikkforholda og korleis skulevegen kan sikras
  • Ordensreglement
Skulemiljøutval (SMU)

Hensikta med skulemiljøutvalet er å sikra at skula har eit systematisk arbeid for eit godt skulemiljø. SMU skal vera eit rådgjevande organ for skula i saker knytt til dette. Elevane, foreldre, skula, tilsette i skula og ein representant frå kommunen skal vera representert. Foreldre og elevar skal til saman ha fleirtall i SMU. Det er skuleeigars og rektors ansvar at alle rådsorgana vert oppretta og fungerer i samsvar med opplæringslova. 

Leiar: Monika Randar
rektor: Annika Wessberg

Foreldre skule: Rebecca Loos
Foreldre SFO: Mona Syversbråten
Foreldre barnehage:
Kommunens representant: Hege Austheim Jacobsen
Tilsette barnehage:
Rektor Annika Wessberg.

  

Råd og utval Ulsåk Oppvekstsenter - avd skule

Foreldrerådets arbeidsutval (FAU)

Leiar:  Olav Veslestølen
Nestleiar: Monika randar
Skrivar: Mai Britt Ulviksbakken
Susanne Maraz Roteigen
Hege Janett Myro
Kjersti Hagatun Eikre
Matilda Sjøgren
Elisabet Halvorsen

Foreldrekontaktar:

1. klasse: Susanne Maraz Roteigen og Hege Janett Myro.
2. klasse: Kjersti Hagatun Eikre og May Brit Ulviksbakken.
3. klasse: Matilda Sjøgren og Olav Veslestølen.
4. klasse: Elisabet Halvorsen og Monika Randar

Skulemiljøutval (SMU)

Hensikta med skulemiljøutvalet er å sikra at skula har eit systematisk arbeid for eit godt skulemiljø. SMU skal vera eit rådgjevande organ for skula i saker knytt til dette. Elevane, foreldre, skula, tilsette i skula og ein representant frå kommunen skal vera representert. Foreldre og elevar skal til saman ha fleirtall i SMU. Det er skuleeigars og rektors ansvar at alle rådsorgana vert oppretta og fungerer i samsvar med opplæringslova. 

Styrar: Eva Markegård 
Rektor: Ellen Wang Frediksen

Foreldre skule: Olav Veslestølen
Foreldre SFO:
Foreldre barnehage:
Kommunens representant: Ove Fekene
Tilsette barnehage:
Tilsette SFO: Hilde Mythe Helland

Tilsett skule: Gry Carlson

2. elevar frå 4. klasse

Referat møte 29.3.17

 

Kontaktinfo:

Rektor Tuv Oppvekstsenter:
Annika Wessberg
Tlf: 47 92 82 62

Lærarar Tuv oppvekstsenter:

1 klasse  Oskar Sunde tlf: 976 30 469
2 klasse Ellen Marie Basberg tlf: 942 05 024
3 klasse Berit Harviken Hjelseth tlf: 952 07 381 / Sissel Rudningen tlf: 419 35 246
4 klasse Line Larsen tlf 472 04 184 / Heidi Sæther tlf 917 04 043


Velkomstklassen Hanne Asp tlf 994 70 784

Sfo tlf 962 27 793 

 

Rektor Ulsåk oppvekstsenter:
Ellen Wang Fredriksen
Tlf: 930 90 077

Lærarar Ulsåk oppvekstsenter:

1 klasse   Reidun Aasbø Frogner tlf 980 13 479 og Gry Carlson tlf. 922 33 272
2 klasse   Roger Skogum tlf. 941 74 666 og Gro Kvinlog Genlid tlf. 901 24 984
3 klasse Anita Pettersen tlf. 928 21 156
4 klasse Elin Flaget tlf. 959 31 047 


SFO: 971 50 499 

Planar, lover og reglar

Opplæringslova

Opplæringslova 9a

Ordensregelement - Ulsåk Skule

Ordensregelement - Tuv Skule

Nytt regelverk om skulemiljø

Vedtekter for skulefritidsordninga 2016

Kommunal plan: overgang barnehage og skule

Plan som sikrar elevane eit godt psykososialt miljø på Tuv og Ulsåk skular og sfo

Tilstandsrapport for oppvekstsektoren i Hemsedal - 2015

Trafikksikker kommune - Plan for skular og barnehagar 2016-2019.pdf