Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Søknad, endring, oppseiing av barnehageplass

Gjeldande for Hemsedal kommune: 

Alle barn har rett til plass i Hemsedal sine barnehagar, etter at dei har fylt 1 år. Barn over 1 år skal være garantert plass seinast 3 månader etter innsendt søknad.

Barnehagen vil halde fram med eitt hovudopptak i året med søknadsfrist 1. mars, men det er ikkje eit krav om å søkje ved hovudopptaket for å få tildelt plass seinare i barnehageåret. Barnehagane tek i hovudsak ikkje inn nye barn i ferieavviklinga frå 15.juni til 15.august Under «prioritert plass» er alt tatt bort, bortsett frå dei som etter lov om barnehage § 13 har krav på plass etter dokumentasjon

Korleis søkje barnehageplass?

I Hemsedal startar barnehageåret 15.august. Alle nye søkjarar og søkjarar som ynskjer å endre eksisterande plassering frå og med det nye barnehageåret, må setje 15.august i datofeltet i søknaden. 

Fristen for å søkje barnehageplass i samband med hovudopptaket for 2017/2018 er 1. mars 2017

Søknader som gjeld barnehageåret 2017/2018, med oppstart 21. august, blir behandla i hovudopptaket.

Søknadsfristen er 1. mars og vert annonsert i Hallingdølen og på heimesida i byrjinga av februar. 

Alle som vil søkje barnehageplass, må gjere dette ved å nytte elektronisk søknad. 

Søkjer barnehageplass utanom hovudopptaket:

• og frå eit anna tidsspunkt det aktuell dato som skal førast opp i datofeltet.
• Søkjarar som set opp anna dato enn midten av august, vert tildelt plassen ein månad før han skal takast i bruk.
• Plassar utanom hovudopptaket vert tildelt etter venteliste ved ledige plassar.

Elektronisk skjema

Dersom du ikkje har tilgang til internett, eller dersom du ynskjer hjelp til å fylle ut den elektroniske søknaden, kan du ta kontakt med Tenestetorget, tlf. 31 40 88 00.

I samband med den elektroniske søknaden vil du finne informasjon om opptaket og barnehagetilbodet i din kommune.

Ynskjer du å videreføre barnehageplassen slik den er i dag skal du ikkje sende elektronisk søknad.

Du skal sende elektronisk søknad dersom du:

• er ny søkjar
• har plass og vil auke eller redusere denne
• har plass og vil endre dagvalet for denne
• har plass og vil bytte barnehage
• står på venteliste for plass inneverande år og ikkje har fått tildelt barnehageplass

Rett til barnehageplass gjeld for barn som fyller eitt år seinast innan utgangen av august det året som det vert søkt om barnehageplass og som har søkt i hovurdopptaket.

 

Rett til barnehageplass

Frå 01.01.09 er rett til barnehageplass innført.

Lov om barnehagar §12 a slår fast fylgjande: "Barn som fyller ett år senest innen utgangen av august det året det søkes om barnehageplass, har etter søknad rett til å få plass i barnehage fra august i samsvar med denne loven med forskrifter. Barnet har rett til plass i barnehage i den kommunen der det er bosatt.

Kommunen skal ha minimum ett opptak i året. Søknadsfrist til opptaket fastsettes av kommunen."

Opptak

  • Hovedopptaket føregår i mars for nye barn som skal starte om hausten.
  • Barn over 1 år skal være garantert plass seinast 3 månader etter innsendt søknad.
  • Ellers i året blir barn tatt inn når det er ledig plass. 
  • Opptak i løpet av året skjer etter venteliste der eldre barn går føre yngre barn. 
  • Til småbarnsavdeling vert barn under 3 år prioritert. 
  • Barn med funksjonshemming har prioritet uavhengig av alder. 
  • Barnet beheld barnehageplassen til den blir sagt opp.

  

Opptak

Endring

•Det kan søkjast om endring av tildelt plass.
•Utviding av plass vert tildelt etter venteliste ved ledig kapasitet.
•Dato det vert søkt endring frå, må opplysast om i endringsskjemaet
•1 månads oppseeingstid ved endring av plass
•Oppseiingstida vert rekna frå den 1. eller 15. i månaden etter at kommunen har motteke meldinga.

Endring

Oppseiing av heil plass.


•Oppseiing av barnehageplass har 1 månads oppseiingstid.
•Oppseiinga vert rekna frå den 1. eller 15. månaden etter at kommunen har fått meldinga.
•Born som seier opp plassen etter 1.mai må ha teke 4 veker ferie før plassen opphøyrer.

Oppseiing

Tips ved bruk av elektronisk søknad

•det er lurt å registrere seg som brukar
•du får tilbakemelding/bekrefting på at søknaden er mottatt
•du kan ta kopi av søknaden din, data du har lagt inn ligg der, slik at du slepp å registrere alt på nytt neste gong du skal søke plass.