Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Prioritet til barnehageplass

”Har barnet rett til prioritet til barnehageplass i samsvar med Lov om barnehagar eller til kommunen sine vedtekter?” med dette meiner ein om barnet har rett til prioritet etter kriterium 1, 2 og3.

Etter vedtektene for barnehagane i Hemsedal kommune, har fylgjande barn rett til prioritet til barnehageplass:

Kriterie for rett til prioritet

  1.Barn med nedsett funksjonsevne og/eller barn som det er fatta vedtak om etter lov om barnevernstenester, jmf. Lov om barnehagar § 13. Krav om uttale frå sakkunning instans.

2.Barn med andre spesielle behov (språkvanskar, atferdsvanskar m.m.) Krav om uttale frå sakkunning instans.

3.Barn frå heimar med sjukdom, funksjonshemming eller andre vanskar. Krav om uttale frå sakkunning instans.

Sakkunnig instans

•dokumentasjon frå PPT

•helsestasjon

•lege

•annan offentleg instans

Uttale skal ikkje leggjast ved den elektroniske søknaden, men må leverast i Tenestetorget eller sendast til Hemsedal kommune, Hemsedalsvegen 2889, 3560 Hemsedal og merkast "Vedlegg til søknad om barnehageplass".

 

Uttale skal sendast inn samtidig som den elektroniske søknaden vert sendt.

 

Utover dette vert plassar fordelt etter følgjande kriterier:

4. Minoritetsspråklege barn over 3 år

5. Barn med einslege forsørgjarar

6. Barn som søkjer barnehageplass dei to siste åra før skulestart.

7. Barn der ein eller båe av foreldra tek grunnleggjande utdanning.
Siste punktet krev dokumentasjon frå foreldra sjølve.