Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Prisar og reduksjonsordningar-barnehage

Prisar

I tabellen er det oversikt over betalingssatsar, redusert betaling og kjøp av dagar. Vedteken av kommunestyret 20.12.2016.

Frå 1.5.2015 vart det innført rimelegare barnehageplassar for dei som tener minst.
Her finn du meir informasjon om ordningane med redusert betaling.

Betalingssatsar gjeldande frå 1.1 2017

Full betaling Sats
2 dagar 1 500,-
3 dagar 1 950,-
4 dagar 2 450,-
5 dagar 2 730,-
Søskenmoderasjon 30% ved barn nr 2.  
   
Søskenmoderasjon 50% frå barn nr 3.  
   
Matpengar  
2 dagar Ulsåk/Tuv 135,-/145,-
3 dagar 200,-/210,-
4 dagar 265,-/280,-
5 dagar 330,-/ 360,-
Kjøp av dag 300,-
Gebyr ved for sein henting 250,-
   

Reduksjonsordningar

A) Syskenmoderasjon
Det vert gjeve 30 % syskenmoderasjon i foreldrebetalinga for barn nr 2 og 50 % syskenmoderasjon for barn nr 3 eller fleire.


B) Reduksjon i foreldrebetalinga pga låg inntekt
Ingen familiar skal betale meir enn seks prosent av inntekta for ein barnehageplass. Ein familie eller hushaldning som kan dokumentere ei samla skattepliktig brutto kapital- og personinntekt på mindre enn kr 500 500,-  jf siste sjølvmelding, kan søkje om redusert betalingssats.

Det skal søkjast om redusert sats på elektronisk skjema. Her kjem du til det elektroniske skjemaet.

pdf-skjema

C) Gratis kjernetid for 3-, 4- og 5-åringar og barn med utsett skulestart som bur i hushaldningar med låg inntekt har rett på 20 timar gratis opphaldstid i barnehage pr veke. Familiar eller hushaldingar som har ei samla bruttoinntekt på mindre enn kr 428 000 jf siste sjølvmelding, kan søkje om redusert betalingssats.

Det skal søkjast om redusert sats på elektronisk skjema. Her kjem du til det elektroniske skjemaet.

pdf-skjema

Søknadsfrist er for barnehageåret 2017/2018 blir 15. juni 2017.


Søkjarar som har rett på begge ordningar, skal sende berre ein søknad kvart år.

NB: har du ikkje norsk id-nummer, ta kontakt med tenestetorget for å søkje manuelt.

 

Kontantstøtte

Barn som mottek kontantstøtte og som søkjer barnehageplass, vil få en reduksjon i kontantstøtta etter kor stor barnehageplass barnet får tildelt.

Kontakt NAV for meir informasjon eller les her.