Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

KUPP - barnehagens psykososiale miljø

Barnehagane i Hallingdal har no gjennomført over fire år med prosjektet Felles lyft for tidlig innsats steg 1 og steg 2. Dette har vore eit svært vellukka kompetansehevingsprosjekt.

Barnehagefaglege i Hallingdal ynskjer å fortsetje med kompetansehevingsmodellen frå Felles lyft i nært samarbeid med barnehagane og våre samarbeidspartnarar, heretter kalt KUPP – kompetanseheving av pedagogiske prosessar.

Korleis vere ein ressurs?

Satsingsområdet sosial kompetanse i Felles lyft, og Utdanningsdirektoratet sin rettleiar «Barns trivsel – voksnes ansvar – forebyggende arbeid mot mobbing i barnehagen» dannar grunnlaget for satsinga på barns psykososiale miljø. Fokuset er på korleis foreldre og personalet kan vere ein ressurs for alle barn i arbeidet med det psykososiale miljøet for å hjelpe barn å skape venskap og motvirke mobbing.

Prosjektet ”Felles Lyft - for tidleg innsats” er eit kompetansehevingsprosjekt knytta til språkutvikling og sosial læring. Det er inngått ei samarbeidsavtale mellom Øverby kompetansesenter og Hallingdalsregionen.

Målgruppa var:
Tilsette i barnehage, PPT, helsestasjon og barnehagekontora i kommuneadministrasjon.

Hovudmålet med prosjektet var:
1.Praksisendring når det gjeld å stimulere språkutviklinga til barna i barnehagen.
2.Tilsette i barnehage, skule og på helsestasjonane i regionane skal ha kompetanse og rutiner for å fange opp barn med svak språkutvikling/sosial utvikling, og setje inn tiltak tidleg.
3.Etablere gode rutiner for samarbeid mellom barnehage, skule, PPT, barnevern og helsestasjon.

Arbeid med språk, kommunikasjon og åtferd har vore sentrale satsingsområde både i barnehage og skule i Hallingdal dei siste åra. Ut frå dette ville prosjektet ”Felles Lyft - for tidleg innsats” vere med på å vidareutvikle tiltak som alt var i gang. Slik satsing er også i samsvar med prioriteringar og pålegg frå nasjonale styringsmakter.

 

Framdriftsplan:

Prosjektet er delt i steg 1 barnehage, steg 2 overgang barnehage-skule, og steg 3 skule.

Steg 1: Dette gjeld barnehagane med samarbeidspartnarar, og vart gjennomført fram til desember 2012.

Steg 2: Overgang barnehage-skule, starta våren 2012 med både barnehagar, skular med småskuletrinn og samarbeidspartar. Avsluttas i laupet av 2014 med ein plan for overgang mellom barnehage og skule for å sikre det enkelte barn sin utvikling.

Steg 3:  Skule starar opp  i 2015-2016