Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Val 2017

Val til Stortinget vert halde kvart fjerde år. Nyttar du stemmeretten din er du med på å velje dei personar og parti som skal styre landet vårt dei neste fire åra.

Stortingsval og sametingsval


Hausten 2017 er det val til Storting og Sameting

Valdagen er måndag 11.september 2017

Hemsedal har ein røystekrins og vallokale vil vere kultursalen i kommunehuset for alle veljarar.

Om du ikkje har høve til å stemme på valtinget kan du stemme på førehand.

Les meir om val under punkta til venstre på sida eller på valdirektoratet sine temasider valg.no

Buskerud fylke sine valister til stortingsvalet

Buskerud har ni mandatar til stortinget.

Ved Stortingsval er det fylkesvalstyret sitt ansvar å godkjenne parti og grupper sine framlegg til vallister.

Disse partia/gruppene kan du som er manntalsført i ein av kommunane i Buskerud stemme på ved stortingsvalet:
lenke til Buskerud fylkeskommune sine nettsider

Valstyre

Alle kommunar har eit valstyre vald av kommunestyret. Valstyret er ansvarleg for å førebu og avvikle stortings- og sametingsval, kommunestyre- og fylkestingsval og eventuelle folkerøystingar.

Hemsedal kommune sitt valstyre for perioden 2015 - 2019 har 7 medlemmer:

Oddvar Grøthe (Sp) leiar
Kjell Erik Skølt (A) nestleiar
Maria Jartman (H)
Tove Eggen Lien (Sp)
Olav Støyten (KrF)
Petter Owesen (HBL)
Marit Foss (HBL)

Møteinnkallingar og -protokollar for valstyret finn du her: sakspapir

Adressa til valstyret er:

Valstyret i Hemsedal
Kommunehuset
Hemsedalsvegen 2889
3560 Hemsedal

Epost: postmottak@hemsedal.kommune.no
Telefon: 31408800

Sekretær for valstyret og administrativ ansvarleg for valførebuing er Nina Eikre

Stemmerett og manntall

Stemmerett ved stortingsval har:

Norske statsborgarar som

  • har fylt 18 år innan utgangen av valåret og som
  • er, eller nokon gang har vore, folkeregisterførte som busette i Noreg og
  • ikkje har mist stemmeretten etter Grunnlova sin § 53

For å kunne stemme må du vere innført i manntalet i ein kommune. 

Står du i manntalet?

Manntalet er oversikta over alle som har stemmerett i ein kommune. Alle med stemmerett blir automatisk førte inn i manntalet i den kommunen der dei var registrert i Folkeregisteret som busette per 30. juni i valåret.

Dersom du har flytt til ein annan kommune etter 30. juni i valåret, er du framleis registrert i manntalet, og har stemmerett, i den kommunen du flytte frå.

Valmanntalet for Hemsedal kommune ligg ute til offentleg ettersyn så snart det let seg gjera etter 1. juli og til og med valdagen på følgjande stader:

- Hemsedal folkebibliotek
- Tenestetorget i kommunehuset

Om du er manntallsført i ein annan kommune kan du likevel stemme på førehand i Hemsedal, men du kan ikkje stemme i Hemsedal på sjølve valdagen.

Manntalet vert gjort tilgjengeleg for Hemsedal kommune 1. juli. Oppdateringar/rettingar etter dette kan berre skje i særskilde høve. Om du meiner det er feil i manntalet må du ta kontakt med valstyret i kommunen snarast. Krav om retting skal vere skriftleg og grunngjeve.

For velgjarar busett i utlandet gjeld:

Om du bur i utlandet, men har vore folkeregistrert som busett i Noreg ein eller annan gang dei siste ti åra, blir du automatisk ført inn i manntalet i den kommunen der du var registrert som busett da du flytta frå Noreg.

Dersom du ikkje har vore registrert som busett i Noreg dei siste ti åra, må du søkje den siste bustadkommunen din om å bli ført inn i manntalet. Du søkjer ved å skrive under på den omslagskonvolutten som blir brukt ved førehandsstemming utanriks. Viss du førehandsstemmer i Noreg eller ikkje brukar den nevnte omslagskonvolutten, må du søkje særskilt. Dette kan du gjere i eit vanleg brev eller ved å bruke skjemaet som du finn under.

Søknaden må innehalde ei erklæring om at du framleis er norsk statsborgar. Søknaden må kome fram til valstyret i den kommunen der du sist var registrert i folkeregisteret som busett innan 12.september kl. 17.00.

Søknadsskjema for innføring i manntalet finn du her: pdf-format og doc-format

Valkort og legitimasjon

Valkort

Alle veljarar får tilsendt valkort. Valkortet blir laga ut frå folkeregisteret sine opplysningar om kvar du er busett per 30.juni i valåret. Det er altså denne adressa som avgjer i kva kommune du har stemmerett og står i manntalet.

På valkortet finn du informasjon om vallokale og opningstid på valdagen.

Viss du stemmer på førehand kan du gjere dette i kommunar kvar som helst i landet. Om du ikkje stemmer i den kommunen der du står i manntalet blir stemmen din sendt til heimkommunen din.

Du må ikkje ha med deg valkortet for å stemme, men det forenklar arbeidet for valfunksjonærane og det vil difor gå raskare for deg å stemme. Har du ikkje motteke valkortet i posten, eller har mista det, kan du likevel møte opp for å stemme.

Valkorta blir sendt ut slik at dei skal vere veljarane i hende innan den ordinære førehandsstemmeperioda tek til 10.august. Valkortet gjeld ikkje som legitimasjon.

Legitimasjon

Vallova seier at ein veljar som er ukjend for stemmemottakar skal legitimere seg. Ta difor med legitimasjon når du skal stemme, det er ikkje nok å gi opp namn og fødselsdato.

Døme på legitimasjon er pass, førarkort og bankkort med bilde, men du kan og bruke annan legitimasjon. Kravet er at den inneheld opplysning om namn, fødselsdato og bilete.

Førehandsstemming

Om du ikkje har høve til å stemme på sjølve valdagen er det mogleg å stemme på førehand.

Viss du har stemt på førehand kan du ikkje stemme på nytt på valdagen. Du kan heller ikkje stemme på førehand fleire gonger.

Du kan stemme på førehand i kommunar kvar som helst i heile landet.  
Viss du stemmer i ein kommune utanfor fylket der du er registrert som busett, vil ikkje vedkomande kommune ha stemmesetlane for ditt fylke. Du får då utdelt ein stemmesetel med namn på alle dei registrerte politiske partia, utan kandidatnamn, og må krysse av for, eller skrive på, kva for parti/gruppe du vil stemme på. Du kan ôg nytte stemmesetlar som du har med deg frå eigen kommune/eige fylke.

På sjølve valdagen kan du berre stemme i den kommunen der du står i manntalet.

Tidlegstemming 1.juli - 9.august

Du kan stemme frå 1. juli dersom du ikkje har høve til å stemme innanfor den ordinære perioden for førehandsstemming, og heller ikkje på valdagen.

I perioden 1. juli til og med 9. august kan du i Hemsedal kontakte Tenestetorget i kommunen og avtale tid for å stemme tidleg. Du treng ikkje valkort, men ta med legitimasjon.

Førehandsstemming 10.august - 8.september

Den 10. august startar den ordinære førehandsstemminga. Du kan stemme på førehand fram til og med fredag 8. september.

Det er kommunen som tek imot førehandsstemmer. I Hemsedal kan du stemme på førehand i Tenestetorget i kommunehuset i ordinær opningstid : måndag til fredag kl. 09 – 15

I tillegg vert det halde ope for førehandsstemming same stad :
Laurdag 2.september  kl. 10 - 14
Torsdag 7.september  kl. 15 - 18

Hugs å ta med valkort og legitimasjon!

Her kan du sjå framgangsmåten når du stemmer på førehand i eigen kommune i perioden 10.august - 8.september

Viss du stemmer på førehand i ein annan kommune enn der du er manntalsført er du sjølv ansvarleg for å vere ute i så god tid at stemmen din når fram pr. post til heimkommunen din innan vallokala stengjer på valdagen!

Her kan du lese meir om framgangsmåten når du stemmer på førehand i ein annan kommune enn der du bur (lenke til valg.no).

Bygdaheimen

Kommunen tek imot førehandsstemmer på helse- og sosialinstitusjonar. For bebuarane på Bygdaheimen er det førehandsrøysting måndag 4.september kl. 10.30 - 12.30.

Dei som bur i trygde- og omsorgsbustader og dei tilsette kan og stemme på førehand denne dagen.

Er du sjuk eller ufør?

Viss du ikkje kan kome til eit vallokale fordi du er sjuk eller ufør, kan du søkje valstyret i kommunen om å få stemme heime eller der du held til. 

Viss du får samtykke i å stemme heime, kjem valmedarbeidarar heim til deg og tek imot førehandsstemma der.
Søknad om å få stemme heime må vere komen til valstyret seinast tysdag 5.september.

Om du sender søknaden i posten er adressa :
Valstyret i Hemsedal
Kommunehuset, Hemsedalsvegen 2889,
3560 Hemsedal

Søknaden må ikkje vere skriftleg, du kan og ringe Tenestetorget på 31408800 og melde frå om at du ynskjer å få stemme heime.

Stemme i utlandet, på Svalbard og Jan Mayen

Veljarar som oppheld seg utlands, kan stemme på førehand anten i Noreg eller i utlandet, på Svalbard og Jan Mayen. Dette gjeld både for veljarar som er busette i utlandet, og veljarar som oppheld seg mellombels i utlandet.

Du kan stemme på førehand i utlandet frå 1. juli til og med fredag 1. september 2017. På Svalbard har sysselmannen sett frist for å stemme på førehand til 1.september for å sikre at stemmene kjem fram i tide. Du er sjølv ansvarleg for å røyste så tidleg at stemma kjem fram til riktig kommune innan kl. 17.00 dagen etter valdagen, tysdag 12. september. Hugs derfor å stemme så tidleg at stemma kjem fram i tide med normal postgang.

Det blir ikkje brukt valkort ved førehandsstemminga i utlandet. Det einaste du treng å ta med er legitimasjon.

Det er mogleg å stemme på førehand ved dei fleste norske utenriksstasjonar, det vil seie ambassadar, generalkonsulat og konsulat, og hos stemmemottakarar oppnemnde av Sysselmannen på Svalbard og av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Her kan du lese meir om korleis du stemmer i utlandet.

Du kan og sende stemmen din i brev. Framgangsmåten for dette står i valforskrifta §28 (Lovdata).

Stemme i vallokale i eigen kommune

Sametingsvalet

Sametingsvalet vert halde samtidig med stortingsvalet. I 2017 er valdagen måndag 11. september.

For å kunne stemme ved sametingsval må du vere registrert i Sametingets valmanntal og ha fylt 18 år innan utgangen av valåret.

Du kan skrive deg inn i valmanntalet kva tid som helst, men for at du skal ha stemmerett ved sametingsvalet i 2017, må innmeldinga di ha kome til Sametinget innan 30. juni 2017. Når du registrerer deg må du gje erklæring om at du oppfattar deg sjølv som same og at du anten har samisk som heimespråk eller har hatt forelder, besteforelder eller oldeforelder med samisk som heimespråk eller at du er barn av ein person som står eller har stått i valmanntalet.

Om du bur i ein kommune som har færre enn 30 personar registrert i Sametingets valmanntal, kan du berre stemme på førehand. Det er åpna for tidlegstemming etter avtale med kommunane frå 1. juli. Den ordinære førhåndsstemminga innanriks startar 10. august og varar til 8.september. For Svalbard og Jan Mayen og utanriks gjeld andre datoar. Du kan stemme på førehand i alle kommunar i heile landet. Det går fram av valkortet kvar stemmegjevinga skal sendast.

På sjølve valdagen kan du berre stemme i den kommunen der du er folkeregistrert.

Registreringsskjema og meir informasjon om sametingsvalet finn du på Sametinget sine valsider:
www.sametinget.no/valg

Valresultat 2017

På sida Valgresultat.no finn du oversikt over resultata frå valet 2017

Valresultat 2015

Her er resultatet av kommunestyre- og fylkestingsvalet i Hemsedal 2015:

Kommunestyret_2015-2019

Protokoll for Kommunestyrevalet i Hemsedal 2015

Kandidatoppgjer

Slengjaroppgjer

Valresultat 2013

På Kommunal- og moderniseringsdepartementet sine sider finn du oversikt frå valet 2013.  

Valresultat 2011

Her er resultatet av Kommunestyrevalet 2011 i Hemsedal:

Mandatfordeling i Hemsedal

Stemmefordeling i Hemsedal

Sjå valresultatet presentert på Kommunal- og regionaldepartementet sine websider.

Resultat for Hemsedal i fylkestingsvalet i Buskerud finn du her