Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Val 2015

Val til kommunestyre og fylkesting vert halde kvart fjerde år. Nyttar du stemmeretten din er du med på å velje dei personar og parti som skal styre kommunen og fylket vårt dei neste fire åra.

Valresultat kommunestyre- og fylkestingsval 2015

Kommunestyret_2015-2019

Protokoll for Kommunestyrevalet i Hemsedal 2015

Kandidatoppgjer

Slengjaroppgjer

 

Kommunestyre- og fylkestingsval


Hausten 2015 er det kommunestyre- og fylkestingsval.

Valdagen er måndag 14.september 2015

Vallokalet er ope frå klokka 9 til klokka 21

Hemsedal har ein røystekrins og vallokale vil vere kultursalen i kommunehuset for alle veljarar.

Om du ikkje har høve til å stemme på valtinget kan du stemme på førehand.

Les meir om val under punkta til venstre på sida eller på regjeringa sine temasider valg.no

Valstyre

Alle kommunar har eit valstyre vald av kommunestyret. Valstyret er ansvarleg for å førebu og avvikle stortings- og sametingsval, kommunestyre- og fylkestingsval og eventuelle folkerøystingar.

Hemsedal kommune sitt valstyre for perioda 2015 - 2019 har 7 medlemer:

Oddvar Grøthe (Sp) leiar
Kjell Erik Skølt (A) nestleiar
Maria Jartman (H)
Tove Eggen Lien (Sp)
Olav Støyten (KrF)
Petter Owesen (HBL)
Marit Foss (HBL)

Møteinnkallingar og -protokollar for valstyret finn du her: sakspapir

Adressa til valstyret er:

Valstyret i Hemsedal
Kommunehuset
3560 Hemsedal

Epost: postmottak@hemsedal.kommune.no
Telefon: 31408800

Sekretær for valstyret og administrativ ansvarleg for valførebuing er Nina Eikre

Vallister ved kommunestyrevalet

Valstyret i Hemsedal har i møte 19.5.15 godkjent listeframlegga under som offisielle vallister ved kommunestyrevalet 2015.

Følgjande parti/grupper stiller liste ved kommunestyrevalet i Hemsedal:

Arbeiderpartiet

Fremskrittspartiet

Hemsedal Bygdaliste

Høgre

Kristeleg Folkeparti

Senterpartiet

Sosialistisk Venstreparti

Venstre

Vallister ved fylkestingsvalet i Buskerud

Stemmerett og manntall

Stemmerett ved kommunestyre- og fylkestingsval har:

Norske statsborgarar
som har fylt 18 år innan utgangen av valåret og som er, eller nokon gang har vore, folkeregisterførte som busette i Noreg  

Statsborgarar i andre nordiske land
som har fylt 18 år innan utgangen av valåret, og som er folkeregisterførte som busette i Noreg seinast 30. juni i valåret  

Andre utanlandske statsborgarar
som har fylt 18 år innan utgangen av valåret, og som har vore folkeregisterførte som busette i Noreg samanhengande dei tre siste åra før valdagen

Du kan ikkje ha mist stemmeretten etter Grunnlova sin § 53. For å kunne stemme må du vere innført i manntalet i ein kommune.

 

Står du i manntalet?

Manntalet er oversikta over alle som har stemmerett i ein kommune.

Valmanntalet for Hemsedal kommune vert lagt ut til offentleg ettersyn i tenestetorget og i biblioteket så snart det let seg gjera etter 1.juli.

Innføring i manntalet

Elektronisk skjema

For velgjarar busett i Noreg gjeld:

Det er den adressa du er registrert busett på den 30.juni i valåret som avgjer i kva kommune du blir ført i manntalet. Om du ynskjer å stemme ved kommunestyrevalet i Hemsedal må du vere registrert som busett i kommunen / melde flytting til kommunen innan 30.juni.

For velgjarar busett i utlandet gjeld:

Om du bur i utlandet, men har vore folkeregistrert som busett i Noreg ein eller annan gang dei siste ti åra, blir du automatisk ført inn i manntalet i den kommunen der du var registrert som busett da du flytta frå Noreg.

Dersom du ikkje har vore registrert som busett i Noreg dei siste ti åra, må du søkje den siste bustadkommunen din om å bli ført inn i manntalet. Du søkjer ved å skrive under på den omslagskonvolutten som blir brukt ved førehandsstemming utanriks. Viss du førehandsstemmer i Noreg eller ikkje brukar den nevnte omslagskonvolutten, må du søkje særskilt. Dette kan du gjere i eit vanleg brev eller ved å bruke skjemaet som du finn nedst på denne sida.

Søknaden må innehalde ei erklæring om at du framleis er norsk statsborgar. Søknaden må kome fram til valstyret i den kommunen der du sist var registrert i folkeregisteret som busett innan 14.september kl. 21.00.

Valkort og legitimasjon

Valkort

Alle veljarar får tilsendt valkort. Valkortet blir laga ut frå folkeregisteret sine opplysningar om kvar du er busett per 30.juni i valåret. Det er altså denne adressa som avgjer i kva kommune du har stemmerett og står i manntalet.

På valkortet finn du informasjon om vallokale og opningstid på valdagen.

Viss du stemmer på førehand kan du gjere dette i kommunar kvar som helst i landet. Om du ikkje stemmer i den kommunen der du står i manntalet blir stemmen din sendt til heimkommunen din.

Du må ikkje ha med deg valkortet for å stemme, men det forenklar arbeidet for valfunksjonærane og det vil difor gå raskare for deg å stemme. Har du ikkje motteke valkortet i posten, eller har mista det, kan du likevel møte opp for å stemme.

Valkorta blir sendt ut slik at dei skal vere veljarane i hende innan den ordinære førehandsstemmeperioda tek til 10.august. Valkortet gjeld ikkje som legitimasjon.

Legitimasjon

Vallova seier at ein veljar som er ukjend for stemmemottakar skal legitimere seg. Ta difor med legitimasjon når du skal stemme, det er ikkje nok å gi opp namn og fødselsdato.

Døme på legitimasjon er pass, førarkort og bankkort med bilde, men du kan og bruke annan legitimasjon. Kravet er at den inneheld opplysning om namn, fødselsdato og bilete.

Førehandsrøysting

Om du ikkje har høve til å stemme på sjølve valdagen er det mogleg å stemme på førehand.

Viss du har stemt på førehand kan du ikkje stemme på nytt på valdagen. Du kan heller ikkje stemme på førehand fleire gonger.

Du kan stemme på førehand i kommunar kvar som helst i heile landet.  
Viss du stemmer i ein annan kommune enn den du er registrert som busett i, vil ikkje vedkomande kommune ha stemmesetlane til din kommune.
Du får då utdelt ein stemmesetel med namn på alle dei registrerte politiske partia, utan kandidatnamn, og må krysse av for, eller skrive på, kva for parti/gruppe du vil stemme på.

Du kan ôg nytte stemmesetlar som du har med deg frå eigen kommune. Det same gjeld om du stemmer utanfor fylket ditt i fylkestingsvalet.

Tidlegrøysting

Du kan stemme frå 1. juli dersom du ikkje har høve til å stemme innanfor den ordinære perioden for førehandsrøysting, og heller ikkje på valdagen.

I perioden 1. juli til og med 9. august kan du i Hemsedal kontakte Tenestetorget i kommunen og avtale tid for å stemme tidleg. Du treng ikkje valkort, men ta med legitimasjon.

Førehandsrøysting

Den 10. august startar den ordinære førehandsrøystinga. Du kan stemme på førehand fram til og med fredag 11. september.

Det er kommunen som tek imot førehandsstemmer. I Hemsedal kan du stemme på førehand i Tenestetorget i kommunehuset i ordinær opningstid : måndag til fredag kl. 09 – 15

I tillegg vert det halde ope for førehandsrøysting same stad :
Laurdag 5.september  kl. 10 - 14
Torsdag 10.september kl. 15 - 18

Hugs å ta med valkort og legitimasjon!

Her kan du sjå framgangsmåten når du stemmer på førehand i eigen kommune i perioden 10.august - 11.september (lenke til valg.no)

Viss du stemmer på førehand i ein annan kommune enn der du er manntalsført er du sjølv ansvarleg for å vere ute i så god tid at stemmen din når fram pr. post til heimkommunen din innan vallokala stengjer på valdagen!

Her kan du lese meir om framgangsmåten når du stemmer på førehand i ein annan kommune enn der du bur (lenke til valg.no).

Bygdaheimen

Kommunen tek imot førehandsstemmer på helse- og sosialinstitusjonar. For bebuarane på Bygdaheimen er det førehandsrøysting måndag 7.september kl. 10.30 - 12.30.

Dei som bur i trygde- og omsorgsbustader og dei tilsette kan og stemme på førehand denne dagen.

Er du sjuk eller ufør?

Viss du ikkje kan komme til eit vallokale fordi du er sjuk eller ufør, kan du søkje valstyret i kommunen om å få stemme heime eller der du held til. 

Viss du får samtykke i å stemme heime, kjem det nokon frå kommunen heim til deg og tek imot førehandsstemma der.
Søknad om å få stemme heime må vere komen til valstyret seinast tysdag 8.september.

Om du sender søknaden i posten er adressa :
Valstyret i Hemsedal
Kommunehuset, Hemsedalsvegen 2889,
3560 Hemsedal

Søknaden må ikkje vere skriftleg, du kan og ringe Tenestetorget på 31408800 og melde frå om at du ynskjer å få stemme heime.

Stemme i utlandet

Veljarar som oppheld seg utlands, kan stemme på førehand anten i Noreg eller i utlandet, på Svalbard og Jan Mayen. Dette gjeld både for veljarar som er busette i utlandet, og veljarar som oppheld seg mellombels i utlandet.

Du kan stemme på førehand i utlandet frå fredag 1. juli til og med fredag 4. september 2015. På Svalbard har Sysselmannen satt siste frist for å stemme på førehand til 9.september. Du er sjølv ansvarleg for å røyste så tidleg at stemma kjem fram til riktig kommune innan valdagen måndag 14. september kl. 21. Hugs derfor å stemme så tidleg at stemma kjem fram i tide med normal postgang.

Det blir ikkje brukt valkort ved førehandsstemminga i utlandet. Det einaste du treng å ta med er legitimasjon.

Det er mogleg å stemme på førehand ved dei fleste norske utenriksstasjonar, det vil seie ambassadar, generalkonsulat og konsulat, og hos stemmemottakarar oppnemnde av Sysselmannen på Svalbard og av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Her kan du lese meir om korleis du stemmer i utlandet.

Du kan og sende stemmen din i brev. Framgangsmåten for dette står i valforskrifta §28 (Lovdata).

Stemme i vallokale i eigen kommune

Endre på stemmesetelen 

Listeforslag til kommunestyrevalet

Listeforslag må vere kome inn til kommunen innan fristen 31.mars 2015 klokka 12.

Vallova har reglar om kva for krav som skal stillast til vallister.
Både registrerte politiske parti og andre grupper kan stille liste ved val. Partiet eller gruppa arbeider ut forslag til valliste, som deretter skal godkjennast av valstyret.

Kven som kan veljast til kommunestyret

Vallova har reglar om kven som kan veljast og har plikt til å ta imot val til kommunestyre:
Veljast til kommunestyret kan alle som har stemmerett ved valet, og som på valdagen er folkeregistrerte som busette i vedkomande kommune.

Det vil seie at kandidatane anten må vere norske statsborgarar eller utanlandske statsborgarar som har stått innført i folkeregisteret som busett i Noreg dei tre siste åra før valdagen. For statsborgarar frå dei andre nordiske landa er det nok at dei har flytt til Noreg og er registrerte i folkeregisteret innan skjeringsdatoen for manntalsregistreringa, som er den 30. juni.

Vidare må kandidatane fylle 18 år innan utløpet av valåret, og dei må ikkje ha mist røysteretten eller vere utestengde eller fritekne frå val. Infomasjon om utestenging og retten til å krevje fritak frå val finn du her: lenke til Lovdata

Kor mange namn på lista?

For val til kommunestyre stiller vallova krav om at det er oppført minst sju kandidatnamn på lista. Oppover er det ei maksimumsgrense på like mange kandidatar som det skal veljast representantar pluss eit tillegg på inntil seks kandidatnamn. På forslag til vallister til kommunestyrevalet i Hemsedal skal det etter dette stå mellom 7 - 23 namn.

Eit visst tal av dei øvste kandidatane på listeframlegget - inntil 4 for Hemsedal sitt vedkomande - kan få eit tillegg i sitt personlege røystetal på 25 prosent av talet på røystesetlar som lista får ved valet. Dei kandidatane som får eit slikt røystetillegg frå partiet, skal stå først på listeframlegget og med utheva skrift.

Listeforslaga skal innehalde fornamn, etternamn og fødselsår til kandidatane.Det er opp til forslagsstillarane om dei i tillegg ønskjer å føre på stilling og/eller bustad for kandidatane. Dersom det er nødvendig for å unngå forveksling av kandidatane på lista, skal stilling og/eller bustadsadresse gjevast opp. Viss opplysning om stilling og/eller bustad til kandidatane blir ført opp på listeforslaget, må dette gjerast for alle kandidatane på lista.

Meir om listeforslag til kommunestyrevalet

Listeforslag må vere kome inn til kommunen innan fristen 31.mars 2015 klokka 12.
Fristen for å trekkje tilbake eit listeforslag er 20. april kl. 12.

Valstyret i Hemsedal arbeider med godkjenning av listene i april/mai og skal innan 1.juni avgjere om forslag til vallister og tilbakekallingar av listeforslag kan godkjennast.

Behandling av listeforslaga i valstyret

Valstyret skal undersøkje om dei listeforslaga som er komne inn, fyller krava i lova, under dette om forslagsstillarane og kandidatane oppfyller krava i vallova.

Om det trengst skal valstyret ved forhandlingar med den tillitsvalde for lista arbeide for å få listeforslaget i samsvar med krava i lova.

Melding til kandidatane

Valstyret skal gje melding til alle kandidatane på vallistene om at dei er sette opp på eit listeforslag.
Brev med melding om at dei står oppførte på listeforslag vart sendt alle listekandidatar 8.april. I brevet vart sendt ut 8.april 2015. I meldinga vart det opplyst om grunnane for å kunne krevje seg friteken for val. Kandidatane har frist til 20.4.15 med å melde frå til valstyret i Hemsedal viss dei ynskjer å krevje fritak frå å stille til val.

Endringar i listeforslag etter at innleveringsfristen har gått ut

Det følgjer av valforskrifta at når innleveringsfristen har gått ut, kan forslagsstillarane berre gjere dei endringane på listeforslaget som er nødvendig for å bringe forslaget i samsvar med vallova og forskrifta til denne lova.

Godkjenning av vallistene

Valstyret må ta stilling til listeforslaga seinast 1. juni Seinast same dato skal dei godkjende listeforslaga (dei offisielle vallistene) leggjast ut til gjennomsyn.

Melding til forslagsstillarane

Så snart listene er godkjende må valstyret sende melding til dei tillitsvalde og sende dei ein kopi av det godkjende listeframlegget.

Blir listeforslaget ikkje godkjent må valstyret snarast sende melding til den tillitsvalde om dette og samstundes opplyse om høvet til og vilkåra for å klage.

Klage

Vallova fastset at det er høve til å klage innan ein viss frist for dei som meiner valstyret må gjere om eit vedtak om å godkjenne eller forkaste eit listeforslag. Fristen er 7 dagar frå offentleggjeringa av overskrifta på dei godkjende vallistene. Bakgrunnen for regelen er å førebyggje ugyldige val ved å rette opp eventuelle feil før valet. På den måten vil ein sleppe å gå i uvisse når det gjeld om valet vil bli gyldig eller ikkje.

Oversikt over innkomne listeforslag

Listeforslaga blir lagt ut her etterkvart som dei kjem inn til valstyret

Arbeiderpartiet

Fremskrittspartiet

Hemsedal Bygdaliste

Høgre

Kristeleg Folkeparti

Senterpartiet

Sosialistisk Venstreparti

Venstre

Listeforslag - mal


Politiske parti og grupper som ynskjer å stille liste ved kommunestyrevalet 2015 gjer dette ved å sende forslag til valliste til valstyret i kommunen innan 31. mars 2015 kl. 12.00

Vallova har reglar om kva for krav som skal stillast til vallister.
Både registrerte politiske parti og andre grupper kan stille liste ved val. Partiet eller gruppa arbeider ut forslag til valliste, som deretter skal godkjennast av valstyret.


Kva for parti kan stille liste etter forenkla regelverk?

Det følgjer av vallova at registrerte politiske parti som ved stortingsvalet i 2013 anten

  • fekk minst 500 stemmer i eit fylke, eller
  • fekk minst 5 000 stemmer på landsbasis, eller
  • er blitt registrert i Partiregisteret etter stortingsvalet 2013

kan stille valliste ved kommunestyrevalet 2015 etter forenkla reglar når det gjeld krav til underskrifter på listeforslaget.
For desse er det tilstrekkeleg at listeforslaget er underskrive av to styremedlemer i partiet sitt lokallag. Underskrivarane må ha stemmerett i kommunen.

Kva for parti som kan stille liste etter desse reglane finn du her: lenke til regjeringa sine valsider


Skjema til listeforslag etter forenkla regelverk

Ved innlevering av listeforslag til kommunestyrevalet i Hemsedal kan dei som stiller forslag gjerne bruke skjemaet det er lenke til her:

Skjema word          Skjema pdf

Les rettleiinga til skjemaet og hugs og vedlegga som skal følgje listeforslaget!

Rettleiing til skjema for innlevering av listeforslag

Vedlegg til listeforslag


Andre parti / grupper

For parti og grupper som ikkje kjem inn under reglane om såkalt ”forenkla modell” må det samlast inn eit visst tal underskrifter på listeforslaget frå personar med stemmerett i kommunen. Ved kommunestyreval må det samlast inn så mange underskrifter at det utgjer 2 % av talet på innbyggjarar med røysterett ved førre kommunestyreval. For Hemsedal utgjer dette 32 underskrifter for lister til valet i 2015.

Skjema for listeforslag til kommunestyrevalet - 2sidig.pdf
Rettleiing til skjema

I pdf-fila er det mogleg å fylle inn data i alle dei blå felta før listeforslaget skal skrivast ut. Dei blå felta vil bli skrivne ut som kvite - dei er der berre for å vise kvar ein kan fylle inn data. Vi anbefaler at aktuell pdf-fil blir lasta ned på eiga datamaskin og at du arbeider med den der.

Viss du vil lese meir om listeforslag og krav til disse finn du dette på regjeringa sin valportal Valg.no

Valresultat 2013

På Kommunal- og regionaldepartementet finn du oversikt frå valet 2013.  

Valresultat 2011

Her er oversikt over resultatet av Kommunestyrevalet 2011 i Hemsedal.

Mandatfordeling i Hemsedal

Stemmefordeling i Hemsedal

Sjå valresultatet presentert på Kommunal- og regionaldepartementet sine websider.

Resultat for Hemsedal i fylkestingsvalet i Buskerud finn du her