Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Skal du søke dispensasjon?

Skal du søke om dispensasjon?

Dispensasjonar rettar seg som regel mot  planar, plankrav og byggeforbodssoner langs vassdrag i samband med byggesaker, men også frådeling av tomter som ikkje ligg i plan. Dispensasjonsmyndemynde ligg til kommunen. Ved dispensasjonshandsaming etter kap. 19 i plan- og bygningslova er dette ei sektorovergripande handsaming, der ulike fagområde og særlover kjem inn. Det er viktig for felles forståing av saksgang og handsaming av dispensasjonar.

Det kan dispenserast frå:

•Kommuneplan sin arealdel

•Reguleringsplanar

•Plankrav

•Byggeforbudsoner

•Forskrifter

•Lokale vedtekter

•Materielle føresegner

Det kan ikkje dispenserast frå lova sine sakshandsamingsreglar.

Vedtaket:  

•Varig eller mellombels dispensasjon. Ved frådeling gjeld dispensasjon kun frådeling, Bygging krev eigen dispensasjon.

•Vilkår kan settast

•Både vedtak om å avslå og innvilge dispensasjon skal grunngjevast (forvaltningslova § 24). Manglande grunngjeving gir sakshandsamingsfeil.

•Klageadgang og klagefrist i høve til forvaltningslova skal opplysast gjennom vedtak.

Krav til søknad:

Søknaden skal vere grunngitt og innhalde relevante opplysningar om tiltaket og gjere greie for kva føresegn eller føremål det søkjast dispensasjon frå. Søkjar må gjennom dispensasjonssøknaden vise kva fordelar ein eventuell dispensasjon vil gje for allmenne interesser og samfunnet. Personlege fordelar / tilhøve kan berre tilleggast vekt der det føreligg sosialmedisinske og medsinske tilhøve. Økonomiske tilhøve er ikkje del av dette.

Generell opplisting av tilhøve som ein kan be om nærare utgreiing for i søknaden:

•Rammar tiltaket strandsonen langs sjø og vassdrag?

•Rammar tiltaket dyrka/dyrkbar mark?

•Fører tiltaket til oppdeling av større samanhengande landbruks-, natur eller friluftsområder?

•Rammar tiltaket naturområder som er viktige for naturmangfald?

•Rammar tiltaket viktige geologiske førekomstar? •Rammar tiltaket kjende kulturminne eller andre bevaringsverdige miljø?

•Rammar tiltaket viktige natur- og/eller kulturlandskapsområder?

•Er tiltaket utsatt for støy, skred, flaum, elektromagnetisk stråling, radonstråling eller andre risiko- eller sårbarheitsmessige tilhøve som har noko å seie for planlagt bruk?

•Er tiltaket plassert i tilknytting til eksisterande bebyggelse og infrastruktur?

•Rammar tiltaket viktige leike- og aktivitetsområde – eller tilkomst til desse, samt tilhøve for barn og unge?

•Krev omsøkte tiltaket ny tilkomstveg?

•Korleis løyse vatn- og avlaupstilhøve?

Skjema som visar saksgang