Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Kunngjeringar og sakar/planar til høyring

Informasjonsmøter

  • Grunneigarmøte

Tirsdag 7.juni var det grunneigarmøte ang. Stig- og løypeplan

Invitasjon

  • Områdeplan

Måndag 7. mars var det informasjonsmøte ang. Områdeplan Trøym Vest og Totteskogen.

Presentasjon Områdeplan Trøym vest

 

Kunngjeringar/saker til høyring

Solsiden II - vidare handsaming etter offentleg ettersyn

Hovudutval for Plan og Ressurs gjorde i sak 20/17 den 16.03.2017 vedtak om å stoppe vidare handsaming av planframlegget for detaljreguleringsplan Solsiden II (planId: 2015002).

Det er reguleringsplan Solsiden - Grøndalen (planId: 2008002) som er gjeldende for området

Gå til planarkivet for å lese saksutskrift og vedtak, skriv inn 2015002 i søkefeltet.
For å sjå dokument og kart for gjeldande plan skriv inn 2008002 i søkefeltet.

 

Eigedomsskatt 2017

Liste over eigedomsskatt for verk og bruk vert lagt ut til offentleg gjennomsyn i Hemsedal kommunehus og Hemsedal bibliotek i 3 veker frå 1.mars 2017. Skattelista vil også vere å finne på kommunen sine heimesider.

Eigedomsskatt 2017.pdf

Eventuell klage på utskriven eigedomsskatt for 2017 skal sendas innan 12. april 2017 til:

Hemsedal kommune

v/eigedomsskattekontoret

Hemsedalsvegen 2889

3560 Hemsedal

 postmottak@hemsedal.kommune.no

 Eigedomsskattekontoret v/rådmann

Forskrift for avfallsbehandling i Hemsedal kommune.

Saksframlegget er utarbeida av Hallingdal Renovasjon IKS i samarbeid med Hallingdalkommunene. Både forskrift og saksframlegg er likelydende for Krødsherad kommune og kommunene i Hallingdal. Dette er årsaken til at saksframlegget er skrevet på bokmål. Målformen i gjeldene forskrift som også er bokmål, er videreført i revidert forskrift.

16-01924-2 Revidert avfallsforskrift - høyring

16-01924-3 Vedtak PLR, 26012017, Sak 6_17, Revidert avfallsforskrift - høyring

Forskrift for avfallsbehandling-revidert 2016

 

Attjern - oppstart av planarbeid med detaljreguleringsplan

Varsel om oppstart av planarbeid

Planavgrensing - Attjern

 Gå til planarkivet for å sjå varslingsbrevet og kart, skriv inn 2015003 i søkefeltet.

 

Farmen Bustadfelt på Tuv - høyring og offentleg ettersyn av planframlegg

Hovudutval Plan og Ressurs gjorde i sak 67/16 den 20.10.2016 vedtak om å leggje framlegg til detaljreguleringsplan for Farmen Bustadfelt på Tuv (planID 2016003) ut til offentleg ettersyn i samsvar med §§ 5-2 og 12-10 i plan- og bygningslova.
Formålet med planen er å legge til rette for bustadbebyggelse med tilhøyrande infrastruktur i område B9 i kommuneplanen.


Endringar av planframlegget som var sendt inn til kommunen går fram av vedtaket.


Planen blir lagt ut i to alternativ, i tekstform, då hovudforskjellen er antall einingar og grad av utnytting. For begge alternativa blei det av utvalet sagt at innkøyringa til feltet skulle plasserast i nordvest i staden for i søraust og at leikearealet skulle flyttast (sjå kart i vedlegg 1).

  • Alternativ 1: Inntil 16 einingar i 6-mannsbustader og 4-mannsbustader (føresegna seier «flermannsboliger/tomannsboliger/rekkehus»). Dette er framlegget slik det blei levert av regulant når det gjeld antall einingar og grad av utnytting.
  • Alternativ 2: Inntil 10 einingar i to 4- mannsbustader og ein 2-mannsbustad. I dette alternativet skal grad av utnytting settast ned som fylgje av færre einingar, prosentvis tilsvarande i høve til antall einingar. Det betyr ca. 20% BYA.  Bygga skal fortrinnsvis ikkje plasseras på line. Antall parkeringsplassar vil også vere mindre.

I føresegnene som er vedlagt (vedlegg 3) vil punkt 4.1 bli endra til om lag slik:
«Boligområdet skal bebygges med to firemannsbustader og en tomannsbolig. Det tillates en utnyttingsgrad på 20%BYA. Totalt kan det bygges inntil 10 boenheter.»

Gå til planarkivet for å lese dokument og sjå kart, skriv inn 2016003 i søkefeltet.

 

Komunedelplan Markegardslie – Lykkja 

Mindre planendring for tilhøve til jordlova §§9 og 12, samt lokaliseringsendring av byggeområde -fritidsbygg (byggpunkt) i delar av kommunedelplan for Markegardslie – Lykkja blei vedteke av kommunestyret i møte 29. 09.2016, sak 68/16. Dette i medhald av plan,- og bygningslova § 11-15.

Planendringa omfattar:

  1. Vedtak om at jordlova skal gjelde for fritidsbygg som er å sjå på som utleigehytter knytt til landbrukseigedom gjennom presisering av planen sine føresegner.
  2. Endring av byggpunkt lokalisert til stølsbygg og upresis byggpunkt på plankartet, gjeld eigedomane, gnr./bnr.: 53/10- 53/149- 54/2 -56/4- 58/2.

 Kommunestyret sitt vedtak om endring av kommunedelplanen kan ikkje klagast på, Jf. plan og bygningslova § 11-15.

Gå til planarkivet for å lese dokument og sjå kart, skriv inn 2012013 i søkefeltet.

  

Fjellandsbyen II - oppstart av arbeid med detaljreguleringsplan

Varslingsannonse.pdf

Varsel om oppstart av planarbeid.pdf

For å sjå meir, gå inn i planarkivet via lenka nedanforog skriv 2016004 i søkefeltet:

http://www.hallingkart.no/webplan0618/

 

Kommunal planstrategi 2016 – 2020: Varsel om oppstart

I tråd med Plan – og bygningslova § 10-1 har Hemsedal kommune starta arbeidet med kommunal planstrategi for inneverande kommunestyreperiode. Planstrategien skal omfatte ei drøfting av kommunen sine strategiske val innan samfunnsutvikling, langsiktig arealbruk/ utbyggingspolitikk, miljø, sektorverksemd i høve til planbehov og  prioritering dei neste åra.

Prosjektplan - Gjennomføring av planstrategiarbeidet 2016.pdf

Om de har innspel eller synspunkt på kva planstrategien for Hemsedal skal innehalde, ber me om at dette vert sendt kommunen innan 02.05.2016 i form av brev eller e-post:

postmottak@hemsedal.kommune.no

Tidsline for arbeidet:

2016

  • Mars/ april :Admistrativt og politisk arbeid for å sjå på erfaringane i siste valperiode ,

                                samt å sjå på utfordingar framover i høve til ynskja utvikling – planbehov.

  • April/mai:    Politisk drøfting og forankring
  • Juni:              Kommunestyret handsamar framlegg til planstartegi  - framlegg vert lagt

                                  fram 30 dagar før endeleg vedtak

  • Sept:             Vedtak i kommunestyret