Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Korleis fungerar planprosessen?

Korleis ein kommune arbeider seg fram mot ein plan for eit område kan vera vanskeleg å forstå. Nedanfor er ei forklaring som me håpar kan hjelpa dykk å forstå den offentlege prosessen.

Kommunen har ansvaret for planleggingsoppgåver og er planleggingsmyndigheit. Kommunestyret skal sjå til at det blir utarbeida reguleringsplan for dei områda i kommunen der dette fylgjer av lov eller av kommuneplanen sin arealdel og der det er vidare behov for å sikre planavklaring for gjennomføring av bygge- og anleggstiltak.

Ulike fasar

Ein planprosess har fleire fasar og kan startast opp av det offentlege eller av private.

Vegleiar til kommuneplanens arealdel

Vegleiar til reguleringsplanar

Planprosess

1. Planoppstart

Det skal kunngjerast oppstart (igangsetjing) av planarbeid i avis og på internett, med frist for mogelegheit til å gje innspel til planen.

2. Planprogram

For alle regionale planar og kommuneplanar, og planar som kan få vesentlege verknader for miljø og samfunn skal det utarbeidast planprogram. Planprogrammet skal syne formålet med planarbeidet, planprosessen med fristar og deltakarar, opplegg for medverknad, kva for alternativ som skal vurderast og naudsynet for utredningar. Planprogrammet skal sendast på høyring og leggast ut til offentleg ettersyn samstundes som varsel om planoppstart.

3. Offentleg ettersyn

Når planforslaget har vore til handsaming i politisk utval (1. gongs handsaming) sendast planen på høyring og leggast ut til offentleg ettersyn, med ein fastsatt frist for å gje innspel. Alle statlege, regionale og kommunale mynde og andre offentlege organ, private organisasjonar og sakspartar som blir rørt av planforslaget har rett til å gje innspel. Planforslaget skal gjerast tilgjengeleg på internett, og det vert lagt ut eit eksemplar på kommunehuset og eit på biblioteket.

4. Vedtak av plan

Alle arealplanar må vedtakast av kommunestyret (2. gongs handsaming) før dei trer i kraft.

Kort rettleiar

•Reguleringsplan skal utarbeidast av fagkyndige.

•Når eit planarbeid vert igangsett, skal berørte offentlege organ og andre interesser varslast.

•Når føreslagstillar er ein annan enn planmyndigheit sjølv, skal planspørsmålet leggjast fram for planmyndigheit i møte.

•Kommunen kan gje råd om korleis planen bør utarbeidast og kan bistå i planarbeidet.

•Det er vidare krav om varsling og kunngjering (jf. § 12-8).

 

Handsaming av planprogram for planar med vesentlege verknader

•For planar med vesentlege verknader for miljø og samfunn skal det utarbeidast planprogram.

•Planprogram kan fråfallast for nærare gjevne reguleringsplanar når desse er i samsvar med kommuneplanen sin arealdel eller områderegulering og der verknadene er tifredstillande skildra i overordna plan. (jf. PBL § 12-9).

Samfunnssikkerhet i planlegging

etter Plan- og bygningslova jf Pbl § 3-1 bokstav h

Fremje samfunnssikkerheit ved å førebygge risiko for tap av liv, skade på helse, miljø og viktig infrastruktur, materielle verdiar med meir.

•Samfunnssikkerheit i arealplanlegginga skal hindre at ein gjennom arealdisponering introduserar ny risiko og sårbarheit i samfunnet. •Ein bør unngå å bruke areal som inneheld uønska risiko og sårbarheit •Ein bør tilpasse seg risikoen på ein slik måte at risiko og sårbarheit vert unngått, for eksempel gjennom utforming/dimensjonering av bygningar.

Arealdelen til kommuneplanen bør som eit minimum gje oversikt over potensielle faresoner og føresegner om vidare planlegging.

I reguleringsplanar bør farekartlegginga være nøyaktig nok til å avgjere om utbygging vil kunne bli tilstrekkeleg sikker i høve til sikkerheitsnivåa gitt i NVE sine  retningslinjer og TEK.

Arealplanlegging som tek omsyn til fare for flom, erosjon og skred er det viktigaste verkemidlet for å førebygge skader for slike hendingar.

Kommunen bør så tidleg som mogeleg i planlegginga skaffe seg kunnskap om fareområda, og deretter styre arealbruken utanom desse områda eller gje føresegner med krav om tiltak som gjev tilstrekkeleg sikkerheit for bygningar mm.

Temavegleiarar: Samfunnssikkerheit og planlegging etter Plan – og bygningslova (Plandelen)

Arealplanlegging i fareområde - NVE

Kjent utgreiingsmateriell for snøskred i Hemsedal 1993 -  2009

  Område År Rapport
NGI Heimdalen hytteområde 1994   934083-1
NGI Mørekvamdalen hytteområde  1993  934082-1
NGI Søteli - Mørekvam   1993  934094-1
NGI  Holdeskaret  2004  20041167-1
NGI  Skarsnuten / Storelia hytteområder  1999  994029
NGI  Solheisen / Solsiden  2005  20051237-2
NGI  Grøndalen Søre  2004  20041062-1
NGI  Golfstua Grøndalen  2005  20051100
NGI  Grøndalen Grosetlia  2002  20021167-1
NGI  Tinden / H2 i Holdeskaret  2009  20091538-00-2-R

 

Leveranse av plan og plandata

Arealplan,- både planframlegg og endeleg plan
•skal leverast som digital arealplan
•skal vere i samsvar med nasjonal produktspesifikasjon og digitalt planregister.

Digital arealplan skal ha ein fullstendig og eintydig representasjon av plankartet i vektorformat basert på SOSI som er nasjonal standard.

Rettleiar til forskrift om kart, stadfesta informasjon, arealplan og digitalt planregister finn du her.