Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Kommuneplanar, reglement og retningsliner

Kort om kommuneplanar

Kommunen utarbeidar og forvaltar arealplanar i medhald av plan- og bygningslova, og sakshandsamar private planforslag. Kommunal planlegging skal ivareta både kommunale, regionale og nasjonale mål, interesser og oppgåver.

Planstrategi

Alle kommuner skal ha ein kommunal planstrategi. Planstrategien skal omfatte ei drøfting av kommunen sine strategiske val knytta til samfunnsutviklinga. Den skal innehalde strategier for langsiktig arealbruk, miljøutfordringar, sektorane sin verksemd og ei vurdering av kommunen sitt planbehov i valperioden.

Les vegleder til kommunal planstrategi her

Kommuneplan

Kommuneplanen er kommunen sitt overordna styringsdokument og gjev rammar for utvikling av kommunesamfunnet og forvaltninga av arealressursane. Kommuneplanen tek utgangspunkt i den kommunale planstrategien. Kommuneplanen har ein arealdel og ein samfunnsdel. Arealdelen består av eit kart med føresegner og retningsliner for bruk, vern og utforming av arealer og fysiske omgjevnader i heile kommunen. Arealdelen og føresegnene er rettsleg bindande for alle arbeid og tiltak som omfattast av lova. Samfunnsdelen skal ta stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategier for kommunesamfunnet som heilhet og kommunen som organisasjon.

Les vegleder til kommuneplanen sin arealdel her

Les vegleder til kommunplanen sin samfunnsdel her

Kommunedelplan

Kommunedelplan er ein plan som kan omfatte ein bestemt del av eit geografisk område i kommunen, eller eit avgrensa kommunalt verksemdområde. Kommunedelplanen er ein overordna plan, som kan vere meir detaljert enn kommuneplanen sin arealdel. Ein kommunedelplan kan til eksempel vere ein meir detaljert utdjuping av ein del av kommunen sitt areal, eller ein plan for eit bestemt tema.

 

Kommuneplan - arealdel 2011-2023 

Hemsedal kommunestyre eigengodkjente, den 08.12.2011 i sak 150/11, Kommuneplan for Hemsedal 2011-2023 i samsvar med § 11-15  i plan- og bygningslova.

Kommuneplanen sin arealdel er ei oversiktsplan som syner rammer for arealbruken i kommunen og er juridisk bindande plan for Hemsedal. Kommuneplanen med arealdel er det overordna styringsverktøyet for utbyggingspolitikken til kommunen.

Møtebok sak 150.11

Vedtatt kommuneplankart for Hemsedal 2011-2023

Planføresegn 

Planskildring

Konsekvensutgreiing

ROS- analyse

Landskapsanalyse Røggelia

Varsemdskart - skred og ras

Planprogram

Kommuneplan - samfunnsdel 2009-2021

Samfunnsdel vedtatt 30.6.2010:

Kommuneplan samfunnsdel

Markegardslia - Lykkja kommunedelplan

Hemsedal Kommunestyre eigenkodkjente, den 18.06.2015 i sak 28/15, Kommunedelplan alt I for Markegardslia - Lykkja 2015-2027 (plan Id: 2012013) i samsvar med § 11-15 i plan og bygningslova. Mindre planendring for tilhøve til jordlova §§9 og 12, samt lokaliseringsendring av byggeområde -fritidsbygg (byggpunkt) i delar av kommunedelplan for Markegardslie – Lykkja blei vedteke av kommunestyret i møte 29. 09.2016, sak 68/16.

Gå til planarkivet for å lese fleire plandokument og sjå kart, skriv inn 2012013 i søkefeltet.

Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet

Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet vart vedteken i kommunestyresak 62/13 den 7.11.2013.

Planen og vedlegga finn du i lenkene under:

Kommunedelplan idrett og fysisk aktivitet 2013-2017

Handlingsprogram 2013-2017 prioritert og uprioritert

Anleggsoversikt 2013

Kart anlegg 2013

Energi og klimaplan - kommunedelplan

Hemsedal kommunestyre vedtok 19.01.2012 energi - og klimaplan for Hemsedal kommune. Planen får status som kommunedelplan.

Energi - og klimaplan: Generell del og meir om tiltak

Energi - og klimaplan: Tiltaksdel

Hemsedal kommune reviderer gjeldande energi og klimaplan for 2012 – 2015, og ny plan skal verte vedtatt i 2018. Planen får status som kommunedelplan.

Kommuneplannemnda er styringsgruppe for planarbeidet medan fagpersonar i kommuneadministrasjonen jobbar fram planforslag i ei eigen arbeidsgruppe leia av miljøvernrådgjevar.
Sentrale tema er fortetting i arealplanlegginga, fokus på tiltak innan transport, energi og landbrukssektor. Det er også fokus på å gje nyttig energi/klima -informasjon til kommunens innbyggjarar. Ny plan skal ha målbare tiltak så langt det let seg gjere.
Meir informasjon om planarbeidet finn du planprogrammet. Arbeidet er litt forsinka i høve framdriftsplanen i planprogrammet.

Energi og klimaplan for Hemsedal kommune - Planprogram

Har du innspel til planarbeidet så vil me svært gjerne høyre di meining
Send innspela til Hemsedal kommune v/ postmottak@hemsedal.kommune.no
Eller du kan ta kontakt med miljøvernrådgjevar Jørn Magne Forland på e-post: jorn-magne.forland@hemsedal.kommune.no

Trafikktryggleiksplan 2016-2019

Trafikktryggleiksplanen, vedteke 20.12.2016 K-sak 135/16, skal leggja grunnlaget for å utvikle systematisk og målretta trafikktryggleiksarbeid i Hemsedal med fokus på skulenære områder.

Som vegeigar har Hemsedal kommune ansvar for trafikktryggleiken langs kommunale vegar, og vidare at det blir jobba for å betre trafikktryggleiken i kommunen også langs fylkes og riksveger (Statens vegvesen sitt ansvar)

Trafikktryggleiksplanen har status som ein temaplan og skal rullerast kvar valperiode. Handlingsplanen med dei ulike tiltaka skal rullerast kvart år. 

Trafikktryggleiksplan 2016-2019 kortversjon vedteken 20.12.2016 av kommunestyret.pdf

Trafikktryggleiksplan 2016-2019 vedteken 20.12.2016.pdf

Kontaktperson:

Gunn Eliassen

gunn.eliassen@hemsedal.kommune.no

Strategisk Næringsplan 2016-2022

Hemsedal kommunestyret vedtok den 18.06.2015 i sak 27/15 Strategisk næringsplan 2016-2022.

Strategisk næringsplan

Stig- og løypeplan 2015-2018 

Hemsedal kommunestyre vedtok den 09.10.2014 i sak 64/14 Stig- og løypeplan for Hemsedal 2015-2018. Planen får status som kommunal temaplan og vert revidert i 2017-2018.

Planen skal leggjast til grunn for all planlegging, og stigar og løyper skal sikrast med eigen arealkategori i alle arealplanar og forvaltningsoppgåver. Planen er kommunens viktigaste reiskap når det gjeld drift og vedlikehald av stigar og løyper. Handlingsprogrammet med tiltak vert revidert årleg.

Gå til planarkivet for å lese dokument og sjå kart, skriv inn  2013008 i søkefeltet

 Avtaleskjema:

  1. Standard grunneigaravtale
  2. Intensjonsavtale om kommersielle aktivitetar i utmark
  3. Avtale om tilrettelegging for ferdsel med hest
  4. Avtale om tilrettelegging av aktivitetsplassar i utmark

Nyttige lenker finn du her: Friluftsliv

Plan for skilting og skjøtsel av kulturminner i Buskerud 2012-2022

Planrapport

Regional plan for Nordfjella med Raudafjell

Fylkestingene i Buskerud, i Hordaland og i Sogn og Fordane vedtok 11.12.juni 2014 Regional plan for Nordfjella med Raudafjell.

Regionalplan for Nordfjella med Raudafjell

Planrapport

Plankart

Målbruksplan

Kommunestyret vedtok 28.07.2007 målbruksplan for Hemsedal kommune.

Målbruksplan

Kulturmelding 2011

Kulturmelding Hemsedal kommune vedteke des 2011

Alkoholpolitiske retningsliner

Kommunestyret vedtok i sak 49/16 den 28.06.2016 alkoholpolitiske retningsliner for Hemsedal kommune for perioden 2016- 2020.

Alkoholpolitiske retningsliner Hemsedal 2016- 2020

 

Delegeringsreglement (delegasjonsreglement)

Politisk delegeringsreglement 10.09.2015

Energi og klimaplan for Hallingdal og Valdres

Overordna mål i energi og klimaplanen:

  • Klimagassutsleppa i Hallingdal og Valdres skal pr årsinnbyggjar reduserast med 5 % innan 2010, med 30 % innan 2020 og 50 % innan 2030 i høve til utsleppa i 2006.
  • Det er mål om 15 % reduksjon i energibruk pr. m2 i bygg basert på el og olje, innan 2012. Tilsvarande 20 % reduksjon i 2020.

Energi og klimaplan for Hallingdal og Valdres

Forskrift for avfallsbehandling

Forskrift for avfallsbehandling

Forvaltningsplan for Rjukandefossen friluftsliv- og naturvernområde

Fylkesmannen i Buskerud har godkjent Hemsedal kommune sitt forslag til forvaltningsplan for Rjukandefossen friluftsliv - og naturvernområde.

Planen gjeld i 5 år, fra og med 2013 - 2018, og er naudsynt for kommunen å ha når det skal søkjast om midler for vidare tilretteleggingstiltak. Det er Buskerud fylkeskommune som tildeler midlar til statleg sikra friluftsområder.

Forvaltningsplan for Rjukandefossen friluftsliv- og naturvernområde