Politikk
Større openheit og meir innsyn i dei kommunale aktivitetane er ei styrke for lokaldemokratiet. For lokalsamfunnet er det ønskjeleg og nyttig at fleire vil engasjere seg.
Ved å leggje ut protokollar og sakslister på internett gjer me lokalpolitikken tilgjengeleg for fleire. Direktesendt overføring frå kommunestyremøta på nettradio gjer at innbyggjarne kan få større innsyn i den politiske beslutningsprosessen.
Ved sida av dei kommunale tenestene, er dei politiske og demokratiske prosessane kommunen sine viktigast oppgåver.
Det politiske systemet vert drive med utgangspunkt i dei politiske partia. Ved kommunevalet kvert 4. år vel ein dei representantane som utgjer kommunestyret, formannskapet, komitear og utval.
Dei demokratiske prosessane inkluderer det politiske systemet, men er og prosesser drive av kommuneadministrasjonen, ofte i forkant av den politiske handsaminga.