Meir om Hemsedal...
Hemsedal kommune er ein fjellkommune i møtet mellom aust og vest.
Naturen gir grunnlaget for dei to store næringane i Hemsedal, landbruk og reiseliv.
Næringlivet i Hemsedal har dei seinare åra vore prega av initiativ og optimisme. Hemsedal kommune er ein av dei kommunane som på landsbasis utmerkar seg med etablering av mange, nye verksemder.
Det er eit rikt kulturliv i kommunen, dei mange aktive einskildpersonane er med og skaper mangfald i kulturtilbodet. Kommunen ser det som viktig å ta vare på alle dei eldsjelene bygda har.
Hemsedal har to oppvekstsenter, eitt på Ulsåk og eitt på Tuv. Her går elevane i 1.- 4. trinnet. Oppvekstsentra er samlokalisert med barnehagane.
Frå 5. trinnet samlast alle elevane ved Hemsedal barne- og ungdomsskule. Hemsedal barne- og ungdomsskule ligg på Trøym i sentrum av Hemsedal.
Hemsedal er ei fjellbygd med slektskap til Vestlandet. Dramatiske fjelltoppar omkransar ei flat elveslette med slakare kollar og mindre toppar som ligg ikring.