Ledige stillingar

Foto:www.bt.noVi ynskjer velkommen som søkjar til stillingar i Hemsedal kommune.

I menyen til venstre finn du oversikt over ledige stillingar hos oss.

Om vi for tida ikkje har nokon ledige stillingar eller stillingar som er av interesse for deg, er det likevel hyggeleg om du viser interesse ved å sende ein generell søknad til oss her i Hemsedal kommune. 

Vurderer du å flytte til Hemsedal finn du mykje nyttig informasjon på heimesida vår. Informasjon om dei andre 5 kommunane i Hallingdal finn du enkelt ved å klikke på kommunevåpena over.  Mellom ytterkantane i Hallingdal er ikkje avstanden større i tid enn det mange i ein storby bruker på ein mykje kortare reiseveg. Arbeidsmarknaden vil difor naturleg vere heile Hallingdal. 

Du kan finne ledige stillingar i heile Hallingdal ved å gå inn på NAV arbeid sine sider. Det er i tillegg mogleg å registrere seg som søkjar til ledige stillingar i Hallingdal på: www. ressurspersoner.no

Under generell informasjon finn du opplysningar som gjeld for stillingar som er utlyst i Hemsedal kommune. 

Publisert: 08.11.2007
Sist endra: 12.08.2009
Oppretta av: Marianne B. Grøthe
Ledige stillingar i Hallingdal

Nav arbeid

 

Kvifor søkje stilling hjå oss i Hemsedal kommune?

Jo, fordi vi ønskjer å ta vare på medarbeidarane våre, er løysingsorienterte og har:

  • Godt arbeidsmiljø
  • Spanande og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Friskliv - trening i arbeidtiden
  • God pensjonsordning
  • Fleksibel arbeidstid og ønskjeturnus

• 3560 Hemsedal     • Tlf: 3140 8800     • Send e-post til Hemsedal kommune     • Nettansvarleg: Marit Wøllo