Tilbodet 2011- 2012

Nye prisar f.o.m. 01.01.2012

I kommunestyremøte 8.12.11 vart det vedteke å auke elevbetalinga med 3%, frå 1.100,- til 1.133,-  pr semester . Sjå prisar.

Instrumentalundervisning

Musikk- og kulturskulen har undervisning på fylgjande instrument:

Bassgitar
Fiolin
Fløyte
Gitar
Piano
Slagverk
Song
Torader

Songgruppe

  • Trudelutten,  musikalsk førskule(song, rytme, dans, regler m.m) for 5- og 6-åringar (1. kl.). NB!Gjeld berre i haustsemesteret. 
  •  Barnekor  for 2. - 4. kl
  • Juniorkor for 5. – 7. kl
  • Ungdomskor  for 8. – 10. kl
  • Vokalensemble – for kulturskuleelevar i vidaregåande skule

Øving

  • Øvingsdag blir annankvar onsdag (motsett veke av Soul Children).
  • Gruppene vil bli fordelt i tida 17.30 – 21.00.
  • Kvar gruppe har ein times undervisning.

Ansvarlege

  • Tori Snerte (dirigent) og Sønnev Skrede (pianist) vil ha ansvar for barnekoret, juniorkoret og ungdomskoret.
  • Kirsten Lund vil ha ansvar for ”Trudelutten”.

Mål med koret

Alle gruppene skal jobbe fram mot ein større konsert i midten av november, og dei vil også øve inn ein song eller to til julekonserten.

Meir info om repertoir, konsert og øvingstider vil vere klart til 20.juni.

Har du spørsmål ta  kontakt

  •  Tori Snerte Tlf :975 24 942
  •  Sønnev Skrede Tlf: 928 50 576
  • Kirsten Lund Tlf: 970 58 805

Dette er eit prosjekt, førebels fram til jul, men me håpar på å ha det som eit fast tilbod vidare.

Påmeldingsskjema finn du her 

Påmeldingsfrist 25.juni  2011.

Pris: 500,-kr (halv kulturskuleplass).  Songelevar i kulturskulen vil få kor inkl. i  undervisninga si.

Oppstart: onsdag 31.august 2011.

Dans

Det blir dans til m.a. klassisk musikk, elevane vil få litt grunnopplæring i ballett og litt jazzdans og leik. 
For dei eldste elevane kan me tilby jazzdans og type musikal-dans.

NB! Påmeldinga gjeld for heile skuleåret.

Drama

Me fortset med drama.
Alder: 5.-7. klasse. 
          8. klasse - vidaregåande.
Dramagruppa set opp 1 - 2 produksjonar i løpet av skuleåret.

NB! Påmeldinga gjeld for heile skuleåret.

Baby-og småbornsong

Dersom eit slik tilbod kjem i gang i løpet av skuleåret, vil det bli annonsert spesielt.

Dersom musikk- og kulturskulen set i gang med andre tilbod i løpet av skuleåret, vil det bli annonsert spesielt.

Publisert
06.05.2010
Sist endret
12.12.2011
Publisert av
Kirsten Lund