Utforming/byggeskikk
Terrenginngrep:


Skjemmande fyllingar tyder på dårleg planlegging. Bygg bør tilpassast terrenget - ikkje omvendt.
Ved slike store inngrep vil det kreve store ressursar i etterkant og ta mange år før terrenget igjen vil framstå som nokonlunde naturleg. For å unngå overraskingar må terrengprofilar på førehand kontrollerast i terrenget. Høgdekoter på kart er ofte ikkje nøyaktige nok.

Eksempel på hyttebygging der vegetasjonen blir teken vare på.
Bygningsut
forming/byggeskikk;

Eksempel på tradisjonell byggestil i Hemsedal. Bygga var gjerne smale, lange (ofte utvida i lengeretninga), låge og reine/enkle med liten grad av utsmykning. Resultatet vart lite eksponerte bygg som var godt tilpassa terreng og omgjevnadar.
Eksempel på bygg som har mindre til felles med tradisjonell byggeskikk i Hemsedal. T.d. har "oppstugu" ingen tradisjon i dette dalføret. Heller ikkje påmontert staffasje.

Bevisst kombinasjon av gamalt og nytt.
Resultatet blir som oftast best om ein nyttar fagfolk alt frå starten. Oversikt over godkjente arkitektar finn ein på heimesida til Norske arkitekters landsforbund.
Les meir om gode grunnar for å nytte arkitekt her.
(Illustrasjonsfoto øverst: Lund Hagem Arkitekter AS)