Hemsedal kommune innfører eFaktura

logo eFakturaHemsedal kommune kan nå tilby eFaktura ved utsending/betaling av regkningar.  Neste gong du betaler ein rekning frå Hemsedal kommune, fakturerte etter 20.04.2010, i nettbanken din, vil du få tilbod om å opprette eFaktura-avtale med kommunen. 

Inngår du slik avtale, vil du i framtida få alle rekningar frå kommunen som eFaktura direkte i nettbanken din. 

Dersom du, på enkelte rekningstypar, har avtale om avtalegiro med kommunen, vil du i framtida få rekningen tilsendt som eFaktura i nettbanken din. Rekningen vil bli trekt på forfallsdatoen iflg. avtalen din om avtalegiro med kommunen.  Det vil ikkje stå på fakturaen at det er avtalegiro, men det vil kome fram i epost-varselet som blir sendt deg frå banken når du mottek fakturaen.

Publisert
10.05.2010
Sist endret
27.12.2011
Publisert av
Marit Wøllo