Snøbrøyting. Foto: Per Øyvind Mythe
Brøyting av kommunale vegar
Reglar for brøyting av kommunale vegar og plassar
- Dei viktigaste vegar og plassar skal være brøyta/rydda innan kl.07.00 etter snøfall om natta.
- På sundagar og heilagdagar skal alle vegar og plassar være brøyta innan kl.09.00 etter snøfall om natta.
- Elles skal alt vere brøyta/rydda så tidleg som mogeleg etter kvart snøfall.
- Generelt gjeld at det skal brøytast etter snøfall over 5 cm. For øvrig må vegnettet til ein kvar tid være framkommeleg med bil.
- Høvling av vegar og plassar skal utførast så ofte som det er nødvendig eller etter ordre frå teknisk drift uteavdeling
- Bortkøyring av snø frå vegkryss og plassar skal utførast så ofte som det er nødvendig eller etter ordre frå teknisk drift.
- Vegane skal brøytast i full breidd. Det same gjeld for plassar.
- Rydding av private avkøyringar ved offentleg veg er kommunen uvedkommande. Dette gjeld også parti mellom riksveg og gang/sykkelveg.
- Kommunen er ansvarleg for å fjerne høvlingskant mot private avkøyringar etter høvling på kommunale vegar og plassar.
Det er høve til å brøyte snø frå kommunale vegar inn på privat eigedom. Ein gjer for øvrig merksam på at det ikkje er tillate å føre snø frå private eigedommar ut i offentleg vegbane. jfr. premissane til høgsterettsdom i rettstidene 1957, side 1078 og veglova sin § 57.