Bustønad

Bustønad er ein statleg, økonomisk støtteordning som blir administrert av kommunane og Husbanken. Føremålet med ordninga er å hjelpe husstandar med låge inntekter og høge buutgifter til å etablere seg og bli buande i ein trygg og god bustad.
I Hemsedal er det NAV som administrerer bustønadsordninga.
Her kan ein
  • få utdelt søknadsskjema
  • få hjelp til å fylle ut søknaden
  • få informasjon om bustønadordninga.
NAV tek imot søknadene om bustønad og registrerer dei inn til Husbanken.

Kven kan søkje om bustønad?

  • Alle som har fylt 18 år, kan søke om bustønad med mindre du eller ein i husstanden din avtener førstegongsteneste eller er student utan barn.
  • Personar utan barn som studerer som ledd i eit offentleg
    program for arbeidskvalifisering, t.d. yrkesretta attføring, kan òg søkje om bustønad.
  • Foreldre som bur saman med barn som studerer, mister ikkje retten til bustønad.

Søknad og saksgang

 

  • Bustønadskjema får du i tenestetorget eller ved NAV-kontoret. 
  • Skjemaet, saman med nødvendig dokumentasjon (husleige, bustadlån etc.) sender du innan fristen til NAV.

Søknadsfrist

  • Månadleg, den 14. i kvar månad.
  • Situasjonsdato: Første dag i terminen. Det er bustad og husstandsopplysninger pr. denne dato som gjeld for månaden (terminen) du søker for.

Vedtak og utbetaling

  • Månadleg
  • Utbetaling omlag den 10. i månaden etter

 

 

Opplysningane på søknaden

  • Det er situasjonen på første dagen i månaden som blir nytta når bustønaden blir berekna for den månaden.
  • For ein gitt månad blir ikkje endringar i bustad- og husstandsforhold som skjer etter situasjonsdato tekne omsyn til.

Klage på vedtaket

  • Du kan klage på vedtaket viss du meiner at det byggjer på feil opplysningar.
  • Skriftleg klage sender du til bustønadkontoret i kommunen.
  • Klagefristen er tre veker etter mottatt vedtak eller utbetaling.

Krav til bustaden

Bustaden må vere godkjend som heilårsbustad. Det må som hovudregel vere ein sjølvstendig bustad med kjøkkenfunksjon, bad/ toalett, og eigen inngang.

Utrekning av bustønad

Det er forholdet mellom husstanden sine inntekter og buutgifter som avgjer om det blir innvilga bustønad.


Her kan du berekne bustønad

  • Leigd bustad: månadleg husleige
  • Bustader med felleskostnad (burettslag, bustadsameige, aksje- og obligasjonsleilegheiter):
    – faktiske utgifter til renter, avdrag og gebyr på bustadlån
    – felleskostnader
  • Bustad utan felleskostnad (einebustad):
    – årlege driftsutgifter med eit sjablongbeløp, for tida kr 1000 per månad
    – faktiske utgifter til renter, avdrag og gebyr på bustadlån
    – kommunale avgifter med eit sjablongbeløp fastsett av kommunen
    – eigedomsskatt
    – festeavgift
  • Alders-, uføre- og etterlatnepensjonistar som ikkje får dekt utgifter til oppvarming gjennom husleige
    eller fellesutgifter, får dette dekt med eit fast beløp (sjablong).

Øvre grenser for buutgiftene

 

Eigendel

  • Eigendel er den delen av buutgiftene du sjølv må dekkje avhengig av den samla inntekta til husstanden. Sjekk nærare med NAV eller www.husbanken.no

 

Utrekning

Reknestykket ser slik ut

Godkjende buutgifter
– Eigenandel
= Sum x 70 %* = bustønad

*80 % for dei som bur i kommunale utleigebustader 

 

Inntekstgrunnlaget

  • Hovedregelen er at det er den samla inntekta til husstanden ifølgje siste tilgjengelege likning som blir lagt til grunn ved berekninga av bustønad. 
  • Frå likninga nyttar ein det høgaste beløpet av:
    – personinntekt (brutto årsinntekt)
    – alminneleg inntekt med eit tillegg for minstefrådraget
  • Barn i husstanden kan ha ei inntekt på inntil kr 30 000 per år før den blir tatt med i utrekninga av bustønad.
  • Dersom du har utanlandsinntekt eller formue, pliktar du å gje opplysningar til kommunen om dette.
  • Leigeinntekter
    Du pliktar å gje opplysningar om skattefrie inntekter du har frå utleige i eigen bustad. Slike leigeinntekter skal reknast som inntekt ved utrekninga av bustønad.
  • Formue
    16 % av husstanden si netto formue ifølgje likning blir lagt til inntekta. Bur du i leigd bustad, er det eit fribeløp på kr 250 000. For alle andre blir likningsverdi av eigen bustad inntil kr 500 000 halden utanfor
    utrekninga av formuetillegget.
  • Inntektsnedgang eller -oppgang
    Om du eller ein i husstanden din har hatt vesentleg inntektsnedgang sidan likningsåret, kan du søkje om å få lagt til grunn faktisk (månadens) inntekt. Viss du eller ein i husstanden din har hatt ei positiv endring i inntektssituasjonen sidan likningsåret grunna overgang til arbeid, trygd eller ved formue, skal du gje opplysningar til kommunen om dette.
  • Øvre inntektsgrenser
    Det er fastsett øvre inntektsgrenser for husstanden, avhengig av bl.a. talet på husstandsmedlemmer.
    Dette betyr at same kor høge buutgifter husstanden din måtte ha, vil du ikkje få bustønad dersom inntekta er over øvre inntektsgrense. Kontakt NAV for meir informasjon om øvre inntektsgrense
    for din husstand.
  • Refusjon av bustønad til kommunen
    Kommunen kan krevje å få bustønaden utbetalt dersom den har ytt sosial stønad eller gjeve lån/ tilskot til dekning av buutgifter. Føresetnaden er at søkjar har samtykka i dette.

 

 

 

 

 

Publisert
06.01.2005
Sist endret
22.09.2011
Publisert av
Marit Wøllo