Skulen sitt pedagogiske grunnsyn

Ein definisjon på pedagogisk grunnsyn:

”Med pedagogisk grunnsyn menes den virkelighetsoppfatning, de verdier og holdningar som ligger til grunn for pedagogisk virksomhet.”
(Frode Søbstad)

Vi vil ha ein skule

  • med felles visjonar og mål
  • samt ein norm som bidreg til samhald mellom alle.


Vi har gjennom prosjektet sist år fått understreka kor viktig relasjonen til barnet er for alt arbeid og i møte med den enkelte.

  • Samspel er ein sentral dimensjon vi difor legg vekt på.
  • Vi arbeider systemisk for å styrke relasjonar.

Alle barn har opne og skjulte ressursar.

I denne samanhengen er det vårt ansvar å ta barna sitt perspektiv og leite etter ressursen i barnet for å vidareutvikle dette og syte for at dei vert møtt med reelle læringsforventingar.
Alt dette vil få konsekvensar for læringsprosessen og den vaksne sitt møte med det enkelte barn.

Publisert
02.02.2009
Sist endret
14.09.2011
Publisert av
Gunn Berit M. Nergård