§ 2-11 Permisjon frå den pliktige opplæringa.
Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gi den enkelte eleven permisjon inntil 2 veker.
Elevar som høyrer til eit anna trussamfunn utanfor den norske kyrkja, har etter søknad rett til å vere borte frå skulen dei dagane trussamfunnet deira har helgedag.
Det er eit vilkår for retten at foreldra sørgjer for nødvendig undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgje med i den almenne undervisninga etter at permisjonstida er ute.