Saksgang for planlegging

Kommunen har ansvaret for planleggingsoppgåver og er planleggingsmyndigheit. Kommunestyret skal sjå til at det blir utarbeida reguleringsplan for dei områda i kommunen der dette fylgjer av lov eller av kommuneplanen sin arealdel og der det er vidare behov for å sikre planavklaring  for gjennomføring av bygge- og anleggstiltak.

Områderegulering

vert brukt av kommunen der det er krav om slik plan i kommuneplanen sin arealdel eller at kommunen finn at det er behov for å gjere meir  detaljerte områdevise avklaringar av arealbruken.

Detaljregulering

vert brukt for å fylgje opp kommunen sin arealdel og eventuelt etter krav fastsett i ein vedteken områderegulering.
Private, tiltakshavarar, organisasjonar og andre myndigheiter har rett til å fremme framlegg til detaljregulering for konkrete bygge – og anleggstiltak. Private framlegg må fylgje opp hovudtrekk og rammer i kommuneplanen sin arealdel og føreliggjande områdereguleringar.

Ved avvik gjeld krav om konsekvensutgreiing av planen sine verknader for miljø og samfunn.

Reguleringsplan/detaljplan

inneheld arealplankart som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader og med naudsynte føresegner til arealbruken.

Lovverket til reguleringsplan er her.

Publisert
07.09.2009
Sist endret
12.09.2011
Publisert av
Ivar Bergstøl

Kontaktinformasjon

Ivar Bergstøl
Arealplanleggjar
Tlf: 3140 8853

Linna Sannes Eskerud
Arealplanleggjar
Tlf: 3140 8852