Regional plan for Nordfjella
Miljøverndepartementet gav i 2007 fleire fylkeskommunar i oppdrag å utarbeide regionale planer for ein heilskapeleg forvaltning av fjellområde som er spesielt viktige for villreinen sin framtid i Noreg. Nordfjella er eit av desse fjellområda.
Fylkeskommunane i Buskerud, Sogn og Fjordane og Hordaland leiar planarbeidet med medverknad frå dei berørte kommunane som er: Ulvik, Voss, Aurland, Lærdal, Hol, Ål og Hemsedal.
Det er vedteken planprogram for planarbeidet. Planprogrammet kan du lese her. Det er utarbeida kart over utgreiingsområdet. Kartet kan du sjå her.
Aurland Naturverkstad er engasjert til å utarbeide ein landskapsanalyse for Nordfjella. Oppdragsskildringa kan du lese her.
Du kan lese meir om planen på prosjektet si eiga heimeside: http://www.regionalplan-nordfjella.no/
For meir informasjon om planarbeidet kan du kontakte arealplanlegger Lina Eskerud, tlf:31408852