Ulovleg deponering av avfall

Kasserte campingvogner. Foto: Jørn Magne Forland

Meld frå om ulovlege fyllplassar

Kommunen får stadig meldingar om ulovlege fyllplassar. Ser du nokon som tømmer søppelet sitt i naturen - kontakt kommunen eller politiet!

I samsvar med forureiningsloven § 28 (forbod mot forsøpling) skal ingen tømme, etterlate, oppbevare eller transportere avfall slik at det kan virke skjemmande eller vere til skade eller ulempe for miljøet. Bestemminga gjeld også skipsvrak, flyvrak og andre liknande større gjenstandar.

Kommunen sakshandsamar desse sakene etter Statens Forurensningstilsyn (SFTs) veileder 1713/2000 - "Forsøpling og avfallsopprydding - Veiledning til kommunane". Dette inneber følgjande:

Saksgang ved avdekking

  • Ulovleg forsøpling avdekka ved at kommunen mottar opplysningar om forsøpling av den ansvarlege eller av andre
  • Kommunen sjølv gjer ein observasjon eller kartlegging
  • Kommunen dreg på synfaring til området, iht forureiningslovens §50 for å avklare omfang og type forsøpling, kven som er ansvarlig osb.
  • Dersom henstilling ikkje fører fram, vert det gjeve begrunna pålegg med frist for gjennomføring.
  • Det vert vert lagt vekt på omfanget av saka, fare for forureining, sjenanse, kostnad og fare for ytterligare forsøpling
  • Ny frist for gjennomføring vert sett

Dersom pålegg ikkje vert fylgt opp har kommunen tre alternativ

a) ilegge forureiningsgebyr som skal vere så stort at det ikkje løner seg å fortsette det ulovlege forholdet,
b) kommunen ryddar opp på forureinars rekning,
c) forholdet vert meldt til politiet og forureinar vert ilagt bot

Publisert
09.12.2009
Sist endret
08.09.2011