Nedgravne oljetankar

Nedgravde oljetankar (og øvrige oljetankar) representerer ei betydeleg kjelde til forureining av grunnen.

Erfaring viser at nedgravde oljetankar ofte blir liggande utan noko form for kontroll inntil det oppstår lekkasje.

Totalt finns det ca. 300 000 nedgravde oljetankar her i landet  fordelt på 150 000 ståltankar og 150 000 glassfibertankar (kjelde: SFT).

Dei alvorligaste problema oppstår ved forureining av overflatevatn eller grunnvatn i lausmassar og fjell, men også plante- og dyrelivet i vatn og vassdrag og innemiljøet i hus kan bli skadelidande.

Lokalt tilsyn

  • Hemsedal og Gol kommunar samarbeider med Hallingdal brann - og redningsteneste iks om gjennomføringa av tilsynet.
  • Feiarane har med seg registreringsskjema når dei er ute på oppdrag
  • Feiar leverer skjema til huseigar.
  • Huseigar fyller ut skjemaet
  • Huseigar sender det til kommunen.
  • På den måten vil kommunen i løpet av nokre år få  betre oversikt over antal oljetankar og vite meir om forureiningsfaren.

 

 

Publisert
09.12.2009
Sist endret
08.09.2011
Publisert av
Jørn Magne Forland