Brenning av avfall
Lokal forskrift open brenning av avfall og brenning i småomnar for Hallingdal
- Kommunane i Hallingdal har i fellesskap utarbeida ein lik lokal forskrift for opne brenning av avfall og brenning av småomnar. Denne tek for seg kva som er lov å brenne og kva som ikkje er lov. Lov om forurensning og delegeringsbrev frå Miljøverndepartementet gjev kommunane moglegheit tilk å lage ei slik forskrift.
- Det er kommunen som kan tillate kva som kan brennast, soframt ein ikkje har løyve frå Fylkesmannen eller SFT.
- Brannvesenet skal varslast der brenning kan vere risikofylt eller på tider av året det må gjevast dispensasjon frå brannsjefen.
Det er generelt bålforbod i skogmark eller i nærleiken til skogmark i perioda 15.04 til 15.09.
Særleg om bråtebrann
- Generelt er bråtebrann forbode i perioden 15. april til 15. september i eller i nærleiken av utmark.
Flatebrenning
- Det er lov å drive flatebrenning og brenning av hogstavfall dersom forholda tilseier dette, men då er det krav til brenningsleiar.
- Det skal vere utarbeidd ein plan for dette.
- Planen skal sendast brannsjefen i god tid før brenninga tek til.