Gjest i naturen
Når du er på tur i skog og mark er du gjest i naturen. Det tyder at du må syne respekt for alt liv og andre sin eigedom.
Forskjel på innmark og utmark
Tilhøva mellom grunneigar og turfolk er regulert gjennom friluftslova. Etter lova er det fri ferdsel i utmark, men på innmark er ferdsel berre tillete når marka er frossen eller dekt med snø, og berre i tida frå 15. oktober til 29. april. Som innmark reknast all slags dyrka mark, beite, gardstun og plantefelt i skog.
Hugs at det er forbode å gjere opp ild i eller nær skogsområde i perioden 15. april - 15. september.
Bandtvang
Respekter bandtvangen for hundar som i Hemsedal er frå 1. april - 30. september. I tida utanom bandtvangtida, skal hunden vere forsvarleg fylgt av eigaren eller ein annan person som rår med hunden. Det er aldri tillete å la hunden springe fritt omkring. Dette gjeld kor som helst du oppheld deg og til alle årstider.
Du skal ikkje klatre over gjerde. Eit gjerde er lett å brekke ned. Gå der du ser ein sti eller veg, og bruk grindene. Pass på at du let att grinda eller leet forsvarleg etter deg. Opne grinder og nedtråkka gjerde kan føre til at husdyr gjer skade på dyrka mark eller kjem på avvegar.
Sporlaus ferdsel
Bryt ikkje kvist eller bar. Skulle alle gjere det, vart trea fort ribba og stygge, og dei får lett varig skade.
La også sjeldne og sårbare vekster og blomar stå i fred. Dei er vakrast der dei veks, og der kan også andre som går i skogen ha glede av dei.
Kast ikkje avfall og skrap. Ber matpapiret og annan emballasje med deg heim. Ver spesielt varsam med alt som er av glas eller plast. Flaskeskår og blikkboksar kan skade dyr og folk som kjem etter deg til plassen.