Bandtvang for hund
- Ordinær bandtvang for hund er i tida f.o.m 1. april t.o.m 20. august.
- Vedteke utvida bandtvang i Hemsedal f.o.m 21. august t.o.m 30. september av omsyn til beitande husdyr.
- Ekstraordinær bandtvang i alle tråkkemaskinpreparerte skiløyper i juleferie, vinterferie og påskeferie. Dersom hund er med skal den ikkje vere til hinder for andre brukarar.
- For 2, 3, 5 og 8 km løype på Gravset er det bandtvang heile vintersesongen.
- Meir informasjon om bandtvang og hundehald finn du i lokal forskrift.
Kommunen kan i tillegg gje forskrift om ekstraordinær bandtvang for å beskytte viltet.
Meir informasjon finn du i hundelova.