Energi og klimaplan for Hemsedal kommune

Biltrafikk gjennom Hemsedal sentrum. Foto: Jørn Magne Forland

Som ei vidareføring av energi - og klimaplan for Hallingdal og Valdres skal kvar kommune i regionen lage sine eigen energi og klimaplan. Denne planen får status som kommunedelplan etter plan - og bygningslova..

Oppstart av planarbeidet hausten 2011

Planarbeidet starta opp hausten 2010. Det vart varsla om oppstart  etter føresegnene i plan - og bygningslova.

Breitt samansett arbeidsgruppe

Arbeidsgruppa som skal jobbe med planen består av representantar frå administrasjonen i kommunen; plan, teknisk og landbruk og miljø, men også av representantar frå næringslivet, reiselivet og bondelaget.Det er avgjerande å sikre brei medverknad. Berre slik kan engasjement og initiativ blomstre.

Godkjent plan før årsskiftet 2012

Planen er venta å bli lagt ut til fyrstgongs høyring i september og oktober, slik at kommunestyret kan godkjenne planen før årskiftet 2012.

Publisert
13.09.2011
Sist endret
10.10.2011
Publisert av
Jørn Magne Forland