Musikkulturelt samarbeid
Hemsedal musikk- og kulturskule har saman med Törva musikkskole, Törva dansstudio og Törva songstudio vore saman om eit internasjonalt utviklingsprosjekt.
Prosjektet var finansiert av Nordplus, Hemsedal kommune, Norsk Kulturskuleråd samt lokale sponsorar og støttespelarar.
Venskapskommune.
Tõrva og Hemsedal har ganskje nyleg inngått avtale om venskapskommune. I februar 2010 vart lærarar frå musikk- og kulturskulen inviterte til Tõrva, for å vurdere eit multikulturelt samarbeid. Der vart dei kjende med engasjerte og interesserte lærarar i Tõrva Musikkskole, Tõrva Dansestudio og Tõrva Songstudio.
Internasjonalt samarbeidsprosjekt
Saman søkte dei om og fekk innvilga midlar til prosjeketet.
I løpet av to utvekslingsveker var om lag 60 elevar med familiar og 15 lærarar involverte.
Ungdomane fekk høve til å bli kjent med Noreg og Estland sin kultur og historie på ein svært positiv måte. Gjennom song, musikk, dans og drama er det lett å oppnå kontakt over landegrenser.
Nordplus er Nordisk Ministerråds viktigaste program i forhold til området ”livslang læring”, og frå 2008 har Estland, Latvia og Lithauen vore inviterte inn på lik linje med dei nordiske landa.
Det vart eit svært vellukka prosjekt, som endte opp i ei heil kulturveke i Hemsedal.