Kulturprisen 2008 til Hans Borge

Hans Borge mottek kulturprisen av Sveinung Halbjørhus. Foto: Bernt Ivar Bergum, Hallingdølen

Under premiereframsyninga av "Me klare uss som best me kan i verda" jubileumsoppsetjinga i samband me 100 års-feiringa til Samhald Ungdomslag, vart Hemsedal kommune sin kulturpris tildelt Hans Borge

Leiaren for hovudutval for livsløp, Sveinung Halbjørhus hadde den hyggelege oppgåva å dele ut kulturprisen.

I grunngjevinga står det at Hans Borge må vera ein av dei som har fått hemsedøler og hallingar gjennom fleire generasjonar både
til å gråte og le. Han har gjennom eit par mannsaldrar ikledd seg roller med både alvor og skjemt.

Dette har han gjort både lokalt og regionalt med stor suksess. Han er ein stor amatørscenekunstnar på profesjonelt nivå. 
Han har vore på gjesteopptredner både i Drammen teater , Modum kulturhus og han har vore innom Det Norske og ein svipptur til Bergen òg.

Fleire store oppsetningar i Hallingdal har hatt gleda av å ha hatt han
på rollelista. Kven hugsar ikkje gamle lensmann i Hol som sleit med kjenslene sine då ho Liv måtte bøte med livet, eller hestehandlaren på Norefjell som gjorde ein god handel og fekk kjøpebrennevin attpå, eller den
pertentelege bykaren som trengte hjelp av skulepsykologen for å få orden på ungen sin.

Fleire somrar har han flytta inn i Tandbergbygget på Nes og gitt liv til Gamle-Nils i Gudmundsrud som let kjærleiken råde og let dotter si reise over til Amerika.

No står han på scenen igjen i et stykke han faktisk har spela i før, om enn ei anna rolle.

Publisert
08.07.2009
Sist endret
08.09.2011
Publisert av
Marit Wøllo