Lekkasje på vassleidningsnettet

Av og til skjer det vasslekkasje på eller i tilknyting til det kommunale leidningsnettet frå vassverket. Ofte er dette lekkasjar på privat stikkledning eller tilkoplingspunkt til stikkledningen.

Desse reglane gjeld ved lekkasjar:

  • Kommunen er ansvarleg for alle lekkasjar på hovudleidningsnettet.
  • Den enkelte abonnent er sjølv ansvarlig for lekkasjar på sin private stikkledning, inkludert påkoplingspunktet.
    Dersom det er mistanke om lekkasje må kommunen varslast så fort som råd, gjerne på døgnopen vakttelefon 416 94 040
  • Det er viktig å varsle fort for å unngå følgjeskader, som t.d. skader på hus eller vegar, eller tømming av høgdebasseng.


Dersom det vert konstatert at det er ein lekkasje vil kommunen syte for å stenge av vatnet, lokalisere lekkasjen, evt fastslå om den er på privat stikkleidning, og vurdere kva tiltak som bør setjast i verk.

  • Kommunen har til ei kvar tid avtale med entreprenør og røyrleggjar som kan rykke ut på kort varsel for å reparere vasslekkasjar på hovudleidningsnettet.
  • Dersom det ikkje er tvil om at lekkasjen er på privat stikkledning må abonnenten sjølv syte for at feilen vert utbetra så fort som råd.
  • Det er krav om at arbeidet skal utførast av kvalifisert personell, (gravemaskinførar og røyrleggjar - sjå sanitærreglementet), samt at nedgravne kablar vert påvist før graving.

 

Publisert
07.02.2008
Sist endret
07.09.2011
Publisert av
John- Ole Sørsveen