Kvaliteten på drikkevatnet i Hemsedal
Kommunen tek faste prøver av drikkevatnet frå brønnane og frå forsyningsnettet.
- Dette vert gjort kvar månad for Tuv vassverk og kvar 14. dag for Krikken vassverk.
- Prøvene vert analyserte ved eit laboratorium for å finne ev. bakteriar, farge eller grums, som kan tyde på forureining av kjelda eller leidningsnettet.
Om ein skulle finne noko slikt vil ein setje i verk ekstra desinfisering, dvs klorering av vatnet. Ein vil gje påbod om koking av vatnet om det er mistanke om større forureining.
Hardheit
Mange lurer på om drikkevatnet er hardt, slik at dei må tilsetje forskjellige middel i oppvaskmaskiner og vaskemaskiner for å hindre forkalking, dette er ikkje nødvendig. Vatnet frå vassverka i Hemsedal er som dei fleste andre stader i Noreg bløtt. På Tuv er hardheita målt til 5 dH°(tyske hardheitsgrader), på Krikken er hardheita målt til 3 dH°
Tabellen under syner klassifisering av hardheit.
| Hardheit (dH°) |
Betegnelse |
| 0-2 |
svært bløtt |
| 2-5 |
bløtt |
| 5-10 |
middels hardt |
| 10-21 |
hardt |
| > 21 |
svært hardt |