Vassmålar
Kven skal eller kan ha vassmålar?
- Alle nye bustadar, fritidsbustadar og all næringsverksemd kopla til kommunal nett skal installere vassmålar og betale etter målt forbruk.
- Eksisterande bustadar og fritidsbustader som betaler gebyr etter areal, kan velje å installere vassmålar og deretter betale etter målt forbruk.
- Kommunen kan og pålegge eksisterande bustadar og fritidsbustader som betaler etter areal å installere vassmålar.
- Vassmålaren skal stå frostfritt og det skal vere enkelt å foreta avlesing og utskifting når som helst. Vanlegvis er det uproblematisk å installere vassmålar i eldre bygg, men det førekjem at det er bygningsmessige eller vass- /avløpstekniske forhold som gjer det ikkje tilrådelig.
Overgang frå arealberekning til vassmålar
- Den som ønskjer få installert vassmålar og berekna gebyret sitt etter målt forbruk, må kontakte ein rørleggjar som kan stå som ansvarleg utførande (det vil seie at vedkommande må ha godkjenning for dette arbeidet etter reglane i plan- og bygningslova med forskrifter).
- Ansvarleg utførande tek seg av kontakten med kommunen og får utlevert vassmålar frå det kommunale lageret.
- Skjema til bruk ved rekvisasjon av vassmålar finn du her.
- Huseigar betaler ansvarlig utførande for arbeidet med installering. Alle kostnader til kjøp, vedlikehald og rutinemessig utskifting av målaren dekkes via dei årlige vatn- og avløpsgebyra. Vassmålaren er kommunens eigedom.
Seksjonerte eigedommar
- Av og til skjer det seksjonering av eigedom der det ikkje er mulig å sette inn vassmålar i kvar enkelt ny eigarseksjon. Abonnentar som samarbeider om felles vassmålar, er solidarisk ansvarlige for gebyra.
- Gjeld slikt samarbeid et sameige etter Lov om eigarseksjonar, er kvar abonnent ansvarleg for mengdeavhengig del av gebyret i forhold til sin eigarandel, dersom ikkje anna fordeling er fastsett i sameiget sine vedtekter eller bindande vedtak i sameiget.
Årleg avlesing av vassmålar
- Kvart år får vassmålarabonnentar tilsendt avlesningskort i posten. Abonnenten leser av vassmålarstanden og melder dette til kommunen ved å returnere utfylt avlesningskort.
- Innmeldt målarstand vert nytta som grunnlag for berekning av årsgebyr.
Gebyr
- Alle gebyr skal innbetalast forskotsvis, på grunnlag av et stipulert forbruk.
- Når forbruket målast, skal kunden betale for det forbruket som har passert målaren i avregningsperioden, mens innbetalt forskot for same periode kjem til fråtrekk.
Utskifting av vassmålar
- Vassmålaren bør ikkje bli for gamal, da målenøyaktigheta vanlegvis minkar med åra.
Fordeler og ulemper
- Den økonomiske fordelen med å installere vassmålar avhenger av vassforbruk og storleiken på bustaden. Innsparinga kan vere på fleire tusen kroner i året for en einslig person i eit stort hus.
- Installasjonen betingar at ein må vere påpasseleg med vedlikehaldet av sanitært utstyr.
- Det er viktig å kontrollere at vatn ikkje lekk ut gjennom kraner som drypp eller toalettsisterner som står og renn.
- Når det ikkje vert tappa vatn, skal visarane på vassmålaren stå stille.
- Beveger visarane seg sjølv om alle vassnforbrukande installasjonar er stengt, skuldast det sannsynligvis lekkasje.
Ved mistanke om lekkasjar, ta kontakt med rørleggjar.