Feil på kloakknettet

Av og til opplever abonnentar på det kommunale kloakknettet at kloakken vert tett. Erfaringa syner at dette oftast skuldast tilstopping av privat stikkledning. Er det feil på hovudleidningsnettet vil dette oftast medføre at fleire abonnentar opplever problem samstundes, og dette kan lett sjekkast ved å snakke med andre som er tilknytt på same hovudleidning.

Tilstoppa kloakkledning kan oppdagast i tide ved å observere følgjande symptom

  • vatnet renn sakte ned
  • det kjem luftbobler opp, i klosett, vask eller sluk.

Symptoma vert fyrst synleg i den nederst etasjen i huset.

  • Symptom må ikkje ignorerast.
  • Heil eller delvis tilstopping kan føre til at kloakken renn ut over golvet.

Den enkelte abonnent er sjølv ansvarlig for tilstopping på sin private stikkledning, inkludert påkoplingspunktet. Ligg feilen på privat stikkledning må abonnenten sjølv syte for å få reparert feilen.

  • Dersom det skulle vere mistanke om tilstopping på hovudkloakknettet må kommunen varslast så fort som råd, gjerne på døgnopen vakttelefonen 416 94 040
  • Kommunen vil då sjekke om feilen ligg på det kommunale kloakknettet.
  • Kommunen gjere ein del reparasjonar sjølv men har til ei kvar tid avtale med entreprenør og røyrleggjar som kan rykke ut på kort varsel for å reparere feil på det kommunale leidningsnettet. 
     
Publisert
07.02.2008
Sist endret
07.09.2011
Publisert av
John- Ole Sørsveen