Avløp

All kloakk som vert sleppt inn på det kommunale leidningsnettet går innom eit reinseanlegg før den går ut i Heimsila.

Tuv reinseanlegg

  • ligg på eit jorde på Øyno og tek imot kloakk frå byggefeltet, Tuv sentrum og Fausko Skysstasjon.
  • Anlegget er eit nedgreve jordreinseanlegg som reinsar kloakken ved slamavskiljarar og infiltrasjon i jordmassar.
  • Dette er i prinsippet ei stor utgåve av slike infiltrasjonsanlegg som ofte vert nytta for separate utslepp i spreidd bygde område.
  • Ein har ikkje kontroll med kor stor reinsegraden er, då det ikkje let seg gjere å ta prøver av kloakk som er ferdig infiltrert.
  • Kommunen har planar om å føre kloakken frå Tuv til Trøim reinseanlegg.

Trøim reinseanlegg

  • ligg sør for sentrum, nær brannstasjonen.
  • Anlegget tek i mot kloakken frå Anderdalslia, Holdebakken, Trøim sentrum og alle bustadfelta nær sentrum.
  • Anlegget er nylig rehabilitert, har høg reinsegrad og oppfyller styresmaktene sine krav til reinsing.

Verkemåte:

  • Anlegget er eit mekanisk/biologisk/kjemisk anlegg. Etter innløpsristene som tek bort søppel, filler og liknande, går kloakken til biobassenga der bakteriar bryt ned organisk stoff. Bakteriane veks på mange små plastelement med stor overflate. Dei får næring frå kloakken og oksygen frå luft som vert blese i røyr ned i bassenga. Lufta har i tillegg ein funksjon ved å halde plastelementa i stadig rørsle. 
  • Etter opphald i eit utjamningsbasseng vert kloakken pumpa vidare og tilsett fellingskjemikalium (jernklorid) som reagerer med oppløyste næringssaltar, og gjer dei om til slam (utfelling). Deretter vert det tilsett ein såkalla hjelpeflokkulant (polymer) som hjelper alle slampartiklane til å klumpe seg saman. 
  • Kloakken går så til ei av to kompakte flotasjonseiningar, saman med vatn som er tilsett luft under trykk. I flotasjonseininga vil det meste av slammet feste seg til luftbobler og flyte opp, medan noko slam er tungt og fell til botnen. Botnslam og flyteslam vert så skrapa saman og pumpa til eit slambasseng, medan det reinsa vatnet vert ført ut i Heimsila.
       Alt dette skjer i ein kontinuerleg prosess som krev overvaking og justering. Om prosessen stoppar går kloakken ureinsa ut i Heimsila.

Ulsåk reinseanlegg

  • ligg sør for Ulsåk sentrum, nedanfor riksveg 52. Anlegget tek imot kloakk frå Ulsåk sentrum, Moen Camping, byggefeltet på Svøo, og Hemsedal Hytte- og Feriepark.
  • Anlegget har ein enkel prosess, har for liten kapasitet ved maks belastning og er utsett for varierande innløpsvatn. Som følgje av dette er reinsinga ein del dårlegare enn krava frå styresmaktene.
  • Det er planar om å forbetre anlegget noko.

Verkemåte:

  • Anlegget er eit mekanisk/kjemisk anlegg som fungerer ved tilsetjing av fellingskjemikalium (jernklorid) som feller ut næringssaltar.
  • Slammet sedimenterer til botnen av eit langt basseng med langsam gjennomstrøyming, der det vert skrapa saman og pumpa til eit slambasseng.
  • Den reinsa kloakken renn ut i utløpsrenner ved vassflata i enden av bassenget. Søppel og filler vert kverna opp og følgjer slammet gjennom prosessen.

Slamhandsaming ved reinseanlegga

  • Vått kloakkslam frå Ulsåk vert frakta med sugebil til slambassenget ved Trøim reinseanlegg. Her vert alt slammet tilsett polymer og avvatna ved sentrifugering.
  • Avvatna slam vert samla i konteinarar og frakta til eit anlegg på Torpo der det vert kompostert.
Publisert
07.01.2008
Sist endret
07.09.2011
Publisert av
John- Ole Sørsveen