Tilsyn og registrering av avløpsanlegg

Hovudmål med tilsyns- og registreringsarbeidet

  • få status over dei enkelte anlegg
  • få betre kontroll over forureiningsutslepp
  • nytten for den enkelte vil mellom anna vere reinare og tryggare drikkevasskjelder og betre miljø i vatn og vassdrag.

Gjennomføring

  • Registrering av avløpsforhold på kvar enkelt eigedom.
  • Det er ikkje nødvendig med eigar tilstade under registreringa.
  • Kommunen som forureiningsmyndigheit skal ha uhinda tilgang til eigedom der forureining kan oppstå eller har oppstått. Jf. forureiningslova § 50.
  • Kommunen vil i etterkant følgje opp registreringa hos den enkelte.
  • Kommunen vil også føretilsyn med enkelte anlegg.
  • Nærare informasjon vil bli gitt til dei det måtte gjelde


Planar i kommunen som omhandlar utslepp

Rammeplanar for Lykkja:

Hemsedal kommune utarbeider ein kommunedelplan for Markegårdslia- og Lykkja. Det er store utfordringar i forhold til vatn- og avløp i området. Ein av strategiane for å løyse dette er å lage rammeplanar for nokre område. I område der det er krav om rammeplan blir det ikkje gjeve løyve til andre utsleppsløysningar enn det som kjem fram av rammeplanen.

Kart over rammeplanområde


Avløpsanlegg som er uloveleg etablert (anlegg utan utsleppsløyve)

  • Kommunen kan godkjenne anlegg som er uloveleg etablert.
  • Ei slik godkjenning stettar at det blir gjort greie for kva slags type anlegg som er bygd
  • At anlegget er bygd etter dei forskrifter og retningsliner som vert kravd for at kommunen kan godkjenne det (jf. VA-miljøblad og forureiningsforskrifta).
  • Dersom anlegget ikkje er bygd etter gjeldane forskrifter og retningslinjer vil det utgjere ei potensiell forureiningsfare.
  • Etter forureiningslova § 7 plikter den ansvarlege (dvs. anleggseigar) å stanse, fjerne eller avgrense forureiningane som kan oppstå eller har oppstått.
  • Kommunen kan gi utsleppsløyve med fristar for utbetring av anlegget.

Krav til drift og vedlikehald

  • Eigar av anlegget er ansvarleg for at anlegget vert drive og vedlikehelde slik at alle krav vert følgde, samt at anlegget ikkje påførast skade.
  • Nokon typar anlegg til dømes minirenseanlegg krev regelmessig vedlikehald og service.
  • Anleggseigar pliktar å sørgje for at det er etablert service- /driftsavtale med anleggsleverandør før anlegget kan godkjennast og takast i bruk.
Publisert
13.12.2010
Sist endret
07.09.2011
Publisert av
Marit Wøllo