Standardkrav i forureiningsforskrifta

Hemsedal Kommune nyttar dei nye standardkrava i forureiningsforskrifta med virkning frå 1. januar 2007. Standardkrava til reinsing i forureiningsforskrifta er satt ut frå kor følsam resipientane er for mottak av avløpsvatn.

Med bakgrunn i dette er det utarbeidd ei områdeinndeling som deler landet inn i:

A. Følsame område

  • Kyststrekninga Svenskegrensa-Lindesnes med tilhørande nedbørfelt og Grimstadfjordområdet (Nordåsvannet, Grimstadfjorden, Mathopen og Dolviken)


B. Normale område

  • Ferskvassforekomstar i Noreg som ikkje er klassifisert som følsame.


C. Mindre følsame områder

  • Kystfarvatn og elvemunningar frå Lindesnes til Grense Jakobselv som ikkje er klassifisert som følsame.

For utslipp til følsamt og normalt område med brukarinteresser er det krav til ein renseeffekt for total fosfor (P) på 90% og 90 % rensing BOF5 dette tillsvarer renseklasse a

  • For utslepp til følsamt og normalt område med fare for eutrofiering** er det krav til ein renseeffekt for total fosfor (P) på 90% og 70 % rensing BOF5 dette tillsvarer renseklasse b
  • For utslepp til følsamt og normalt område Verken fare for eutrofiering eller brukarinteresser*** er det krav til ein renseeffekt for total fosfor (P) på 60 % og 70 % rensing BOF5 dette tillsvarer renseklasse c

*Med brukarinteresser meines for eksempel interesser tilknytte drikkevassforsyning, rekreasjon og næringsverksemd. Rekreasjon omfattar mellom anna badeplass, lekeplass og områder for vassport. Eksempel på næringsverksemd er vatning av jordbruksareal.

**Fare for eutrofiering kan refererast til tilstandsklasse 3 (mindre god), 4 (dårlig) eller 5 (svært dårlig) jf. SFTs klassifisering av miljøkvalitet i ferskvatn (TA-1468/1997) eller økologisk status klasse 3 (moderat), 4 (dårlig) eller 5 (svært dårlig) jf. EUs rammedirektiv for vann. Med eutrofiering meines økt næringstilførsel og den biologiske responsen på dette; i første omgang i form av økt primærproduksjon (algevekst)

***Verken fare for eutrofiering eller brukarinteresse; kan refererast til tilstandsklasse 1 (svært god) eller 2 (god), jf. SFTs klassifisering av miljøkvalitet i ferskvatn (TA-1468/1997) eller økologisk status klasse 1 (høy) eller 2 (god) jf. EUs rammedirektiv for vann.

Publisert
13.12.2010
Sist endret
07.09.2011