Tuv II - Ledige bustadtomter
Hemsedal kommune har pr. dato ingen ledige tomter i bustadfeltet Tuv II.
Kjøpar av tomt nr. 1 - Gnr. 79 bnr. 75 - ønskjer å selje tomta.
Ta kontakt med Hemsedal kommune for nærmare informasjon.

Dei nye tomtene ligg sør for dei bebygde tomtene i Øynevegen. Tomtene er merka med nummerskilt 1 - 4.
Alle tomtene har ei byggjehøgde på 646,2 moh. Tomt nr 4 må fyllast opp til 646,2 moh. for å tilfredsstille kravet på byggjehøgde.
Det er ikkje lov å byggje hus med kjellar på nokon av tomtene.
Grunnpris pr 01.01.2011: kr 88,00 pr kvadratmeter
Del av anleggskostnader: kr 203.000,-
Følgjande ligg inne i anleggskostnadane: veg, vatn, avløp, gatelys, fartsdumpar, asfaltering, tilkobling straum
(På Svøo ligg ikkje tilkobling av staum inne i anleggskostnadane)
Reguleringsbestemmelsar for Tuv II :
Interesserte tomtekjøparar må søkje på fastsett skjema. Søknadsskjema og annan informasjon finn de her på på heimesida vår eller ved å ta kontakt med Tenestetorget.