Helsestasjon

Helsestasjonen held til i helsesenteret.

Hilde Bakke Jensen har ansvar for barn 0-5 år.
Helsestasjonen er open frå kl 08.00-16.00.

Helsestasjonen er ein plass der du kan

  • Få støtte, rettleiing og råd i forhold til det å vere foreldre.
  • Drøfte spørsmål som har med barnet ditt å gjere.
  • Barnet blir vegd og målt for å sjå at det trivest og veks.
  • Alle barn får tilbod om gratis vaksinasjon i samsvar med det norske vaksinasjonsprogrammet.

Vi vil i samarbeid med dykk undersøkje at barnet er friskt og at det utviklar seg som det bør når det gjeld t. d. språk, motorisk utvikling og sosial kontakt. Av og til kan det vere nødvendig at barnet blir henvist til spesialist eller til sjukehus.

Dei første 12 mnd  tilbyr vi kontollar mest kvar månad. I løpet av dei første vekene etter at mor og barn har kome heim etter fødselen, kjem vi på heimebesøk. Seinare kjem foreldre og barn til individuelle konsultasjonar på helsestasjonen hjå helsesøster og lege.

Foreldre kan ha behov for å ha oftare kontakt enn dei oppsette besøka. Ikkje ver redd for å ta kontakt.

Oversikt over kontrollar på helsestasjonen

Oversikt over kontrollar på helsestasjonen

Alder

Type besøk

Tema

ca. 2 veker Heimebesøk av jordmor  
3-4 veker Heimebesøk av helsesøster  
6 veker Helsesøster og lege  
3 mnd Helsesøster Vaksiner
4 mnd Helsesøster og fysioterapeut  
5 mnd Helsesøster vaksiner
6 mnd Helsesøster og lege  
7 mnd Helsesøster  
8- 9 mnd Helsesøster Høyrselescreening
10 mnd Helsesøster  
1 år Helsesøster og lege Vaksiner
15 mnd Helsesøster Vaksiner
18 mnd Helsesøster  
2 år Helsesøster og lege  
4 år Helsesøster  
Skulestart Helsesøster og lege  

 

Barselgrupper

  • Grupper som helsestasjonen er med på å starte, men som foreldra driv vidare sjølve.
  • Bli kjent med andre som er i samme situasjon som ein sjølv, og ein kan ta opp tema som gjerne er av interesse for fleire.

Småbarnstreff


  • Helsestasjonen arrangerer treff på mottaket for småbarnsforeldre.
  • Dette er ei sosial samling der ein kan bli kjent med nye menneske og utveksle erfaringar.

Tematreff

  • Helsestasjonen  inviterer småbarnsforeldre.
  • Tema som søvnvanar, babymassasje, 1. hjelp og liknande.
  • Kanskje ber vi med ein "spesialist", og utvekslar erfaringar etterpå.
  • Sosial treffstad.

Utleige av barneutstyr

  • Barnesete for barn 0-8/9 månader.
  • Elektiske brystpumper.

Foreldrerettleiingsgrupper (ICDP)

  • Helsestasjonen tilbyr foreldre å møtast for å dele erfaringar, drøfte gleder og utfordringar når det gjeld forhold mellom barn og foreldre.  
  • Målsettingen er at foreldre kan finne tryggleik og anerkjenning på at dei er gode foreldre ved å bli meir bevisst på kva som er bra for barna.

Godt samliv

  • Fokus på parforholdet.
  • Småbarnsperioden er slitsam for mange par.
  • Betynding for barna korleis foreldra har det saman. 
  • Godt samliv hjelper par til å ha større glede av forholdet sitt, finne tilbake til gleda og spenninga frå dei først vart saman. 
  • Forkus på kommunikajon, problemløysing og forebyggjing av vanskelege situasjonar.

Tverrfagleg samarbeid

  • Er det noko ved barnet de eller vi på helsestasjonen de lurer på har vi samarbeid med bl. a. PPT, fysioterapeut, barnelege. 
  • Ved behov har vi også kontakt med psykisk helsevern, familiekontoret, barnevernstenesten eller barnehagen.
     
Publisert
08.11.2007
Sist endret
12.12.2007
Publisert av
Marry Viljugrein

Kontaktinformasjon

Leiande helsesøster
Marry Viljugrein
Tlf: 3140 8876/ 977 00 945 

Helsesøster
Hilde Bakke Jensen 
Tlf: 3140 8875/ 991 13 090 

Jordmor
Rine Flatland
Tlf: 3140 88 15/ 970 58 815