Språk- og leseplan for Hallingdal 0-16 år

 - eit samarbeid mellom barnehage, skule, helsestasjon og bibliotek

 

Illustrasjonsteikning ungar og bøker

  • Barnehage- og skuleeigar har eit særleg ansvar for å sikre at barnehagane og skulane arbeider systematisk og planmessig med språkstimulering og leseopplæring.
  • På bakgrunn av dette har Hallingdalskommunane utarbeidd ein felles språk- og leseplan. Vidare fylgjer informasjon om denne planen som alle skular og barnehagar i Hemsedal skal arbeide etter.
  • Helsestasjon, barnehage, skule og bibliotek er alle viktige aktørar når det gjeld språkstimulering og leseopplæring. Saman med heimane har dei ansvar for at barn får moglegheit til å utvikle eit godt talespråk og gode ferdigheiter i lesing.

Klare føringar for mål og arbeid med språk og kommunikasjon

Rammeplan for barnehagen og læreplanen Kunnskapsløftet gjev klare føringar og mål for arbeidet med språk, kommunikasjon og ulike typer tekst. Tidleg og god språkstimulering er ein viktig del av barnehagen sitt innhald. Skulen skal byggje vidare på det arbeidet som barnehagen har starta opp, og leseopplæringa i skulen skal foregå i alle fag og på alle trinn.

Sikre heilheit og samanheng i språk og leseopplæringa.

For å sikre at det vert heilheit og samanheng i språk- og leseopplæringa, har kommunane i Hallingdal valt å lage ein plan som gjeld for heile læringsløpet frå 0-16 år. Planen skal vere eit grunnlag for det daglege arbeidet med språkstimulering og lesing i barnehage og skule, og den skal trekkje linjer frå dei overordna måla til det praktiske arbeidet.

Planen er delt i ein barnehagedel, 0-5 år, og ein skuledel, 1.-10.trinn, og den er strukturert i hovudområda: lytte/forstå, uttrykkje seg munnleg, lese og skrive. Det er laga eigne oversyn over samarbeid med bibliotek og helsestasjon. Planen har lagt opp til at det skal vere fokus på gode overgangar mellom barnehage og skule og mellom klassetrinn.

 

Publisert
04.10.2010
Sist endret
06.09.2011
Publisert av
Liv Birgit Borge

Kontaktinformasjon

Fagleiar barnehage
Marit Fauske Bjerkan
Tlf: 31 40 88 16
      970 58 817

Tuv oppvekstsenter, barnehage
3560 Hemsedal

Tlf: 31 40 89 61
Styrar: Monika Randar
Tlf: 916 66 819

Ulsåk oppvekstsenter, barnehage
3560 Hemsedal

Tlf: 32 06 01 35
Styrar: Eva Markegård
Tlf: 468 11 942