Prioritet til barnehageplass

”Har barnet rett til prioritet til barnehageplass i samsvar med Lov om barnehagar eller til kommunen sine vedtekter?” med dette meiner ein om barnet har rett til prioritet etter kriterium 1, 2 og3.

Etter vedtektene for barnehagane i Hemsedal kommune, har fylgjande barn rett til prioritet til barnehageplass:

Kriterie for rett til prioritet

 

  1. Barn med nedsett funksjonsevne og/eller barn som det er fatta vedtak om etter lov om barnevernstenester, jmf. Lov om barnehagar § 13. Krav om uttale frå sakkunning instans.
  2. Barn med andre spesielle behov (språkvanskar, atferdsvanskar m.m.) Krav om uttale frå sakkunning instans.
  3. Barn frå heimar med sjukdom, funksjonshemming eller andre vanskar. Krav om uttale frå sakkunning instans.

Sakkunnig instans

 

  • dokumentasjon frå PPT
  • helsestasjon
  • lege
  • annan offentleg instans

Uttale skal ikkje leggjast ved den elektroniske søknaden, men må leverast i Tenestetorget eller sendast til Hemsedal kommune, 3560 Hemsedal og merkast "Vedlegg til søknad om barnehageplass". 

 

Uttale skal sendast inn samtidig som den elektroniske søknaden vert sendt.

 

Utover dette vert plassar fordelt etter følgjande kriterier:

4. Minoritetsspråklege barn over 3 år
5. Barn med einslege forsørgjarar
6. Barn som søkjer barnehageplass dei to siste åra før skulestart.
7. Barn der ein eller båe av foreldra tek grunnleggjande utdanning.
Siste punktet krev dokumentasjon frå foreldra sjølve.

 

Publisert
14.01.2009
Sist endret
07.09.2011
Publisert av
Liv Birgit Borge

Kontaktinformasjon

Fagleiar barnehage
Marit Fauske Bjerkan
Tlf: 31 40 88 16
      970 58 817

Tuv oppvekstsenter, barnehage
3560 Hemsedal

Tlf: 31 40 89 61
Styrar: Monika Randar
Tlf: 916 66 819

Ulsåk oppvekstsenter, barnehage
3560 Hemsedal

Tlf: 32 06 01 35
Styrar: Eva Markegård
Tlf: 468 11 942