Samarbeid mellom Tuv og Ulsåk barnehage

Begge barnehagane er del av oppvekstsenter på kvar sin plass, og i tillegg til samarbeid innanfor oppvekstsenteret, er det eit godt samarbeid mellom barnehagane.

Frå 1.mai 2011 har barnehagane fått ein felles fagleiar, som er barnehaganes andlet utad (til dømes kontakt med Fylkesmannen, dei andre hallingdalskommunanen osb) Fagleiar har og ansvar for fagleg påfyll til personalet.

Styrarane har tett samarbeid, om til dømes: planarbeid, tema- og satsingsomårde, fagleg personalarbeid og andre satsingsområde.

Fagleiar og styrarar har jevnlege møte.

Både pedagogiske leiarar og assistentar har eigne nettverk på tvers.

Det skal vere eitt felles personalmøte kvart barnehageår.

Per i dag er det ikkje så mange felles aktivitetar på tvers av barnehagane, men målet er å få fleire formelle og uformelle møte mellom barn og personale.

Publisert
18.10.2011
Sist endret
18.10.2011
Publisert av
Liv Birgit Borge

Kontaktinformasjon

Fagleiar barnehage
Marit Fauske Bjerkan
Tlf: 31 40 88 16
      970 58 817

Tuv oppvekstsenter, barnehage
3560 Hemsedal

Tlf: 31 40 89 61
Styrar: Monika Randar
Tlf: 916 66 819

Ulsåk oppvekstsenter, barnehage
3560 Hemsedal

Tlf: 32 06 01 35
Styrar: Eva Markegård
Tlf: 468 11 942